Phelps kopierer en legende

Michael Phelps testar i desse dagar ut ein ny avslutningsteknikk på fri-distansene. SwimSwam kallar den "revolusjonerande", men faktum er at dette er ein kopi av måten australske Michael Klim svømte fri på rundt millenniumskiftet.

Det anerkjenner Phelps også i intervjuet han gir med SwimSwam.

Det superfisken gjer på dei siste meterane er å gå over til butterfly kick istadenfor crawl bein. Samtidig går han over til å svømme strak arm, ikkje ulikt Nathan Adrians (m. fleire) kroppsdrevne avslutning.

Om du ser godt etter kan du sjå det i avslutninga på 200 meter medley her. Dette var tredje gong han prøvde det, og han avgjer duellen mot Ryan Lochte på den måten.

Phelps forklarer at han prøver å gjere det dei siste 15 meterane, men at han ikkje kan puste mens han gjer det, og det derfor er tøft.

- Eg ville sjå kor stor forskjell det gjer, sa Phelps til SwimSwam etter duellen med Lochte.

- Om du ser tilbake til 2000 så gjorde Michael Klim det, og han var veldig god. Eg tenkte at det er lurt av meg å bruke mine styrker. Vi skal implementere det litt, men det er brutalt når du ikkje kan puste på slutten av eit løp.

- Forhåpentlig er det perfekt når vi kjem til Omaha (Olympic Trials).

Og her er teknikken Phelps vil kopiere:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste nyheter