Verdensrekord

Med 200 dagar igjen til OL i Rio har den første verdensrekorden blitt satt i det olympiske året.

Det var (sjølvsagt) Katie Ledecky som stod for det, med 8,06,68 på 800 meter fri, ei forbedring på knapt eit halvt sekund. Før Ledecky begynte å senke verdsrekordane i 2013 var det Rebecca Adlington som hadde rekorden med 8.14,10.

No er den altså 7,5 sekunder raskare. Ledecky har flytta langdistansesvømminga inn i ein ny æra. Kven følger etter? Ingen rekker å komme dit til OL i Rio. Ledecky er kanskje leikanes største favoritt.

Ledecky viste også at ho er i utvikling ellers, blant anna då ho slo Sarah Sjöström med 1,7 sekund på 200m fri...

Rekorden blei sett under det amerikanske GP-stevnet i Austin, Texas.

Eit stevne der både Sarah Sjöström og Michael Phelps har vist gryande OL-form.

Phelps har blant anna for første gong svømt under 52 sekunder på 100 meter butterfly i januar. Nerdefakta, kanskje, men også eit teikn på at han er på veg mot noko i den treningsformen han er i. Han vant også 200 meter medley foran Ryan Lochte.

For meir resultatinfo, sjekk den svenske sida.

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste nyheter