Skagerrak Swim

Fleire av Norges beste svømmarar i aksjon i Aquarama i helga. Skagerrak Swim hadde samla eit sterkt startfelt, med både landslagssvømmarar og andre frå eliten.

Det var den islandske ryggsvømmaren Eyglo Osk Gustafsdottir som stod for den beste prestasjonen under langbanestevnet.

Meir overraskande kanskje med Zoltan Horvath, hovudtrenaren i Hamar som tar andreplassen. Men Horvath har fleire gode plasseringar i det ungarske mesterskapet, og ei aktiv svømmekarriere bak seg, blant anna med ein sjuandeplass frå junior-EM. Les mer på Hamars nettsider. Jørgen Scheie Bråthen viser at han også blir ein mann å regne med i vår.

Susann Bjørnsen fekk ein god start på konkurranseåret og var berre 14 hundredel frå sin eigen pers på 50 meter bryst. Truls Wigdels 400 meter fri er også sterk, mens Sindri Thor Jakobsson var tilbake frå høgdeleir med ein godkjent prestasjon på 200 meter butterfly.

Lambertseter ble beste klubb på stevnet, klart foran Aalborg som blei nummer to.

Vi såg også konstellasjonen SK Team Sør på resultatlistene for første gang i eit større stevne, overbyggingsklubben mellom KSA og Vågsbygd debuterte på heimebane.

Beste prestasjoner:
1. Eyglo Osk Gustafsdoittr, Ægir, 200m rygg, 2.13,10 - 809p
2. Zoltan Horvath, Hamar, 50m bryst, 28,79 - 794p
3. Susann Bjørnsen, Setermoen, 50m fri, 25,64 - 792p
4. Jørgen Scheie Bråthen, Lambertseter, 50m bryst, 28,83 - 791p
5. Truls Wigdel, Madla, 400m fri, 3.58,34 - 787p
6. Marte Løvberg, Lambertseter, 400m fri, 4.21,45 - 785p
7. Thomas Fardal, Egersund, 50m bryst, 29,54 - 735p
8. Sindri Thor Jakobsson, Lambertseter, 200m butterfly - 2.03,65 733p
9. Isabella K. Sørensen, Aalborg, 50m rygg , 30,06 - 729p
10. Line Jørgensen Bruun, Aalborg, 200m fri, 2.05,60 - 727p

Her finner du resultater.

Skagerrak Swim - Søndag 31.1.2016

Kommentera gärna:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter