Halvt år til OL

Cameron McEvoy. Cameron McEvoy.

I dag er det akkurat seks månader til dei første svømmemedaljene blir delt ut i Rio.

Den svømmaren i verda som kanskje er heitast desse dagane akkurat eit halvt år før leikane er australske Cameron McEvoy. Fredag svømte han inn til 47,56 på 100 meter fri under Aquatic Super Series i Perth, Australia.

Tida er den raskaste sidan VM i 2013, og berre to mann har vore raskare enn McEvoy gjennom tidene, vel å merke utan superdraktene. Landsmannen James Magnussen har tekstibeste på 47,10 frå 2012, men det var Nathan Adrian som tok OL-gullet det året på 47,52 - eit hundredel foran Magnussens 47,53. Verdsrekorden har Cesar Cielo på 46,91.

McEvoy fulgte det opp med  personlig rekord 21,72 på 50 meter fri og 1.46,7 på 200-meteren. Alt dette gjorde han ifølge trenar Richard Scarce utoppa.

McEvoy gjer seg dermed til ein av favorittane på OLs kanskje mest prestisjefulle øving, men Australske frisprintarar har nærast gjort det til ei vane å svømme forte tidlig i OL-året, for deretter å ikkje ta OL-gullet. 

Magnussen gjorde det i 2012, mens Eamon Sullivan starta 2008 med ein verdsrekord for deretter å ta sølv i Beijing. Så om historia gjentar seg blir det fort sølv på McEvoy i Rio.

Ian "Thorpedo" Thorpe. Jason "Rocket" Roberts. James "Missile" Magnussen. Cameron "Cannon" McEvoy? Her er ei reportasje frå i fjor om rivaliseringa mellom Magnussen og McEvoy.
 

Men McEvoy var ikkje den einaste som svømte fort i Perth.

Japanske Rie Kaneto svømte 200 meter bryst på meget sterke 2.20,11.

Cate Campbell (53,05) slo søster Bronte (53,20) på 100 meter fri for kvinner.

Emma McKeons 1.55,96 på 200 meter fri er også bra.

Les meir om resultata på Swimming Australia sine sider.

Kommentera gärna:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter