simma_logga_2017

Marco Koch - 2.07 på 200m bryst

Marco Koch veks fram som den store 200 meter bryst-svømmaren i verda. Tyskaren fortsetter dei gode prestasjonane som førte til VM-gullet i Kazan. I helga svømte han på sterke 2.07,74.

Det er raskare enn han gjorde i heile fjor, då det holdt med 2.07,76 til å vinne VM-gullet. Verdsrekorden til ettløpsvidunderet Akihiro Yamaguchi er på 2.07,01 - satt nokre månader etter OL i London.

Skal dette bli året då ein endelig bryt 2.07-grensa på 200 meter bryst? Det er svømt svært mange gongar på 2.07-talet i verda no... Det kan vel tenkast at denne nyheita triggar Daniel Gyurta også - som foreløpig har holdt ein lav profil i 2016. Det er neppe noko lavprofilt over treningsarbeidet.

Koch gjorde tida under Golden Tour Camille Muffat, stevnet oppkalt etter den avdøde franske svømmestjerna som døde under innspeling til eit TV-program i fjor.

Der var blant anna både Sarah Sjöström og Katinka Hosszu på plass og viste fin form. Sjekk Simma Sverige for mer resultatinfo, evt. gå til resultatsidene.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter