Arne Borgstrøm - ein kjempe heidra

Den legendariske svømmaren Arne Borgstrøm er ikkje berre ein helt for Svømme-Norge. Han er ein stor helt i Odda. Før helga blei Borgstrøm utnemnd til den tredje æreseleven ved Odda ungdomsskule.

Men han er først og fremst ein av dei største vi har sett vokse ut av norske basseng.

Borgstrøm sette i løpet av karriera 79 norske rekordar og vann fem kongepokalar. Oddingen deltok i OL både i 1976 og 1984, med ellevteplass på 400 meter medley ('84) som beste resultat. Han var også med på 4x200m fri-laget som blei nummer 10.

Den kanskje største triumfen kom imidlertid då han vant 1650 yards fri i NCAA-mesterskapet i 1982. Borgstrøm vant med 14.58,44. I samme mesterskap tok han for øvrig bronse på 500 yards.

Samme år tok han sjetteplass på 400 meter fri i langbane-VM MED blødande magesår. Det blei først konstatert då han kom heim til Odda i etterkant.

I anledning at han blei heidra i Odda var han tilbake i det gamle folkebadet. Det er ikkje noko særlig til svømmemiljø, men han ønskar å bidra til å bygge det opp, om det er vilje. Borgstrøm er i dag ein av trenarane i Randaberg og barna Halvor og Oda har markert seg på nasjonalt årsklassenivå.

Odda Folkebads blogg har dei skrive om Arne og i tillegg publisert eit videointervju som du kan sjå under her. Det kan vere vel verd å sjå og høyre på. I folkebadet er det for øvrig ei utstilling som minnast hans svømmekarriere.

NM i Fredrikstad

Rektor på Odda ungdomsskule, Sven Olaf Brekke, delte denne videoen av Arne Borgstrøm som vinner kongepokalen under NM langbane i Fredrikstad, godt arrangert av Kongstensvømmerne, ifølge NRKs Sølve Grotmol.

I dag hadde vi ei storhending på Odda ungdomsskole. Arne Borgstrøm vart kåra til æreselev av Odda ungdomsskole. I...

Posted by Sven Olaf Brekke on 19. februar 2016

Dikt frå ein kjempe til ein anna

Ein annan og ikkje ubetydelig æreselev ved Odda ungdomsskule, Frode Grytten, har laga eit dikt til Odda folkebad - og Arne Borgstrøm. Det er lydsatt av Hans Kristian Hyrve.

"Då eg vaks opp var det i praksis to ting ein kunne gjere i Odda folkebad.

1. Ein kunne lære seg å svømme.
2. Ein kunne svømme.

Så i realiteten var det berre ein ting ein kunne gjere: Svømme.
(...)
Svøm som ein sommarfugl, crawl som ei bie."

Odda-artist bak diplom

Artisten TAKLA har teikna diplomet.

Da var æresdiplomet til Oddas svømmehelt - Arne Borgstrøm kommet til rette, og utrolig stas at eg fikk æren til å tegne portrettet ( : Ble nok ein flott hedring!

Posted by TAKLA on 19. oktober 2015

Bloggaren Oddajangen har skrive (godt) om Arne Borgstrøm fleire gonger:

22. februar 2016: Svømmekjempe og mønsterelev
17. juni 2013: Takk til Sigrid og Olav

13. august 2012: EM i dop og en gal odding
24. februar 2011: Arne Borgstrøm – best uten dop

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter