Tanker ved utgangen av februar

Vi skriv søndag 28. februar i skudd- og OL-året 2016. Det er under eit halvt år igjen til OL i Rio, og svømming igjen blir noko folk flest er medviten om. Så kva er status?

Landslaget avsluttar i desse dagar ein treningsleir på Tenerife, og rapportane frå kanariøya er gode - i likskap med det dei var etter høgdeleiren i Flagstaff. Det er ting som tyder på at det er ei gruppe på landslaget no som kan skape den langvarige treningskulturen som landslagssjef Petter Løvberg ønskar seg.

Men det er nok for mykje å håpe at det skal gi Svømme-Norge mykje heder og ære i Rio. Til det er mange av utøvarane for unge, og har for langt opp til toppnivået. Det ein først og fremst kan håpe på er at nokon kan slå følge med Henrik Christiansen til Brasil.

Sverre Næss og Cecilie Waage Johannessen er dei som er nærast kravet pr. no. Markus Lie og Sindri Thor Jakobsson har vist god utvikling - og verkar til å halde fram den gode treninga i det nye året. Kan nokon av ungguta få ei eksplosjonsarta utvikling og vere med i kampen om ein plass på ungdomskvote?  Får ein alle frisprintjentene til å prestere i løpet av våren/forsommaren slik at ein 4x100 meter fri-stafett kan vere aktuell?

Henrik Christiansen har vore i bedre treningsform enn nokon gong. Ein skal sjølvsagt vere forsiktig med å spenne forventningsbuen for høgt, men alle teikn er gode så langt. Det er lov å drøyme, men realistisk sett trur eg vi skal vere meget nøgde om det blir finale i Rio. Det er grunn til å tru på det, og det vil vere ein strålande prestasjon. Det er mykje som kan skje mellom no og august, og ein blir ikkje tilgjeve av ein 1500 meter fri om du av ein eller anna grunn ikkje er i toppform på den eine/dei to dagane som gjeld. Ikkje 400 heller for den salgs skuld.

Fram til no har imidlertid Christiansen hatt for vane å knuse alle forventningar...

Så er det sjølvsagt kjedelig at Lavrans Solli ikkje klarte å halde seg frisk og dampen oppe heilt fram til leikane. Det var førsommaren 2014 at Solli tok grep, flytta til Bærumsvømmerne. Det ga umiddelbare resultat, og utviklinga var god. Lavrans problem har alltid vore å halde det gåande over tid og få den jamnheita ein treng i treninga til å ta det siste steget. Det gjekk heller ikkje denne gongen.

Når motivasjonen av sjukdom og ulike grunnar har svikta no, så står det imidlertid respekt av å sei det. Det ville vore mykje lettare for Lavrans no å stikke hovudet i sanden, halde fram med å trene OK, og produsere heilt respektable resultat. Det hadde imidlertid blitt vanskelegare å forklare at utviklinga og resultata ikkje var som det mange drømmer om. I eit OL-år blir det eit større fokus også på svømmarane sine prestasjonar med negativt forteikn, og med det Lavrans allerede har oppnådd er neppe turist i Rio med middelmådige plasseringar det han sjølv ønskar seg heller.

Og Lavrans er langt frå ferdig, om han vil det sjølv. Eit kortbane-VM i Ontario, Canada venter i desember dette året. Eit slikt meisterskap, fire månader etter OL og kanskje utan nokon av sportens største namn, kan vere heilt perfekt for han. Det er på 50 meter rygg i kortbanemesterskap han er definitivt nærast verdseliten. I tillegg kan det nok vere lettare å trene på det som krevjast for å svømme fort på 50 og 100 meter rygg kortbane enn 100-meteren på langbane.

Eg blir i alle fall ikkje overraska om Lavrans Solli står med VM-medalje rundt halsen i desember...

Utøvarane på nivået bak dei beste verkar også å halde fram med å ta steg. Tomoe Zenimoto Hvas har allerede markert seg under Luxembourg Euro Meet, men konkurransesesongen er ikkje verkeleg i gang - så kven som blir årets kometar skal bli interessant å følge.

I løpet av den nærmaste månaden byrjar ting verkeleg å skje, og vi vil vite ein god del meir om korleis dette OL-året vil bli. NM kortbane vil fortelje oss noko, men mest om den generelle nivåutviklinga i landet. 

Våre fremste vil ikkje ha toppa formen, men vi skal gjerne sjå nokre teikn på at grunnformen er god. For dei fleste startar alvoret med Swim Open Stockholm i månadsskiftet mars/april. For ein del av landslaget handlar det om å kvalifisere seg til EM langbane. For dei som er nærast OL er drømmescenario å sikre plassen allerede i Eriksdalsbadet.

Så langt har 2016 vore ganske stille. Stille før stormen. Om ein månads tid har det forhåpentlig begynt å blåse opp..

/SES

Kommenter gjerne:

  • lurius • 29 februari 2016 19:09:58
    I would say that yes the norwegian troop is young, but they are not younger than their opponents. Henrik was beat by a guy who is 1 year older at the shortcourse championships.
    The challenge is the majority of the squad is far from an interantional level. They are at a high national level and some at a medium european level.
    The olympics is a complete different ball game.
    I would love to see the same squad in 2-4 years with the same dedication and training and where they will be at then.
    For now only Henrik C is an international level swimmer.

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter