simma_logga_2017

Europarekord av Katinka Hosszú

Katinka Hosszu under Bergen Swim Festival. FOTO: Kjell Eirik Irgens Henanger. Katinka Hosszu under Bergen Swim Festival. FOTO: Kjell Eirik Irgens Henanger.

Fredag kveld satte Katinka Hosszú Europarekord på 400 meter medley. Med 4.29,89 var ho for første gong under 4.30.

Tida gjer at Hosszú er den tredje beste gjennom tidene på øvinga, og berre i OL er det blitt svømt raskare enn kva "Iron Lady" gjorde i Marseille under den franske Golden Tour. Ho forbedra sin eigen rekord frå 2009 (4.30,3).

I 2008 tok Stephanie Rice (AUS) gull på 4.29,45 foran Kirsty Coventry (ZIM) på same tid som Hosszú. I 2012 svømte Shiwen Ye (CHN) verdsrekorden på 4.28,43.

Det skjedde etter DEN siste 100 på 58,68 som blei ein stor snakkis, ettersom det var raskare enn herranes gullvinnar Ryan Lochte i avslutninga. Det var også siste 100 som kosta Hosszú verdsrekorden her.

Etter brystdelen av 400-meteren i Marseille passerte jernkvinna på 3.28,35. Det var 1,4 sekunder foran Shiwen Yes 300-meter-passering i London. Ei avslutning på 1.01,54 er jo fantastisk samanlikna med alle andre enn den 58,68...

Katinka Hosszú er i alle fall den store favoritten på 400 meter medley i Rio.

Ellers i Marseille satte Sarah Sjöström med verdsårbeste på 50 meter butterfly - 25,18.

Her kan du sjekke resultata.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter