Jakobsson NM-konge

NM-KONGEN: Sindri Thor Jakobsson. FOTO: Øyvind Thorsen/lsvk.zenfolio.com NM-KONGEN: Sindri Thor Jakobsson. FOTO: Øyvind Thorsen/lsvk.zenfolio.com
Som venta blei ikkje NM kortbane noko rekordfest. Bortsett frå Susann Bjørnsens to individuelle rekordar på 50m fri første dagen og Ariel Braathens juniorrekord på 50 meter bryst var det dei funksjonshemma som stod for dei individuelle rekordane, i tillegg til at vi fekk ei pen samling stafettrekordar.

Du får rekordoversikta her.

Men det mangla ikkje på gode prestasjonar. Henrik Christiansen tok, ikkje overraskande, prisen som beste svømmar med sin 14.41 på 1500m fri. Det er 18 sekunder over pers, men likevel ei tid som hadde holdt til finale i Europamesterskap. Smak litt på den...

NM-kongen var likevel Sindri Thor Jakobsson. Til tross for at Jakobsson har slite med sjukdom omtrent sidan Flagstaff-leiren i januar (ein leir han beskriver som vanvittig bra) viser Lambertseter-svømmaren at han er bedre trent enn nokon gong.  Sju individuelle gull og totalt 13 gjer at Jakobsson ville vore nest beste klubb på medaljestatistikken, berre slått av sin eigen klubb som tok 19 gull totalt. Høgdepunktet kanskje 200m bryst på 2.10 for butterflyspesialisten.

Lambertseter dominerte stort på dei fleste gutte- og mixstafettane og var den suverent beste klubben i mesterskapet. Det er bra trøkk i lokomotivet der no, men andre ønsker nok å ta opp hansken. BSC blei nest best på medaljestatistikken med 10 gull. Den same rekkefølga var det på poeng, med Bærumsvømmerne på tredje. Team Sør var for første gang med i NM, og er ein faktor, spesielt på jentesida.

Her er all resultatinfo.

Susann Bjørnsens gode form på 50 og 100m fri gir håp for eit norsk stafettlag til EM (og OL), spesielt kombinert med Cecilie og Monica Johannessen som nok har litt å gå på. Bjørnsen/Johannessen X 2 sine 100m fri var prestasjon nummer 2-4 på lista over dei 20 beste. Tre jenter under 2.00 på 200m fri er også gledelig.

Elise Næss Olsen er virkelig tilbake og på veg mot god gammal form. Markus Lie fekk vist seg fram mot viktigare mål og tok eit delt gull med Lavrans Solli på 50m rygg. Madlas mellom-/langdistansegutar også, sjølv om Wigdel og Bjelland mangla Gidskehaug i trekløveret.

Men ein undrast... Mykje av grunnen til rekordmangelen er som nemnd før meisterskapet at fleire av dei beste satsar mot storformen i Swim Open Stockholm i slutten av månaden. Det blir garantert eit høginteressant stevne å følge med på, men det er også eit varselskot for NM kortbane. Er vi no i ferd med å bli så internasjonale at vi må sjå mot ein anna stevnestruktur? Dersom landslagsutøvarar, og ein god del av klubbane, droppar å toppe formen for å prioritere langbanestevne i Sverige nokre veker etterpå, utvatnar det kva eit norgesmesterskap skal vere. Kanskje er dette OL-året spesielt, men eit kortbanemeisterskap på hausten også for seniorar verkar stadig meir som ein god idé.

Ei som definitivt ikkje lider av rekordmangel er Ingrid Thunem. For oss utan superkrefter er det imponerande berre å sjå ho i vatnet, men Thunem arbeidar målretta for stadig å bli bedre. Verdsrekordar er verdsrekordar. For Tromsøs gulljente, opprinnelig frå Eid i Sogn og Fjordane, blei det fire av sorten i Stavanger. Sarah Louise Rung fekk også med seg ein. Totalt blei det 15 norske rekordar for funksjonshemma.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter