Doping...

Bølgene går framleis i verdssvømminga etter Julija Jefimovas dopingsak.

Jefimova har fått støtte av sine trenarar, Irina Vjatsjanina og Dave Salo. Vjatsjanina, som trente Jefimova fram til 2011, legger skulda på legane som har gitt svømmaren middelet.

- Legene har vært klar over problemet siden september. Dei burde ha gjort alt i deira makt for å stoffet ut av svømmarens kropp.  Eg kan ikkje skjønne at dei har tillatt et ein utøvar på dette nivået og av den betydninga som Julia Jefimova har til å bli tatt med slikt dritt som meldonium. Dette er eit substans som heile verda har blitt advart mot sidan i fjor haust, seier ho til det russiske nyhetsbyrået TASS.

Ho meinar ei etterforsking er nødvendig, og legg skulda på alle andre enn 24 år gamle Julija Jefimova sjølv. 

- Julias far er hennes personlige støtteapparat Han burde hatt kontroll på det. Dette er hans hovedansvar, siden han ikkje er fullt involvert i sjølve treninga. Då eg trente Jefimova visste eg svært godt om kva medisiner ho gjekk på.

Det siste kan vanskelig oppfattast som anna enn ei breiside til brystsvømmarens trenar sidan 2011: amerikanske Dave Salo, ved USC Trojans.

Salo seier til NBC at Jefimova bedyrer at ho ikkje har tatt stoffet sidan desember, og at han trur på ho. Salo har kun ansvar for treninga som foregår i bassenget. Fysioterapi, vekttrening og kosthold er det andre som har ansvar for, så trenarveteranen fraskriv seg ansvaret også der.

- Eg veit ikkje kven som gir ho råd i Russland. Ho er ein flott ungdom, og ein hardtarbeidande person. Ho har eit enormt talent og treng ikkje ta slike ting for å oppnå suksess, seier Salo. og langar ut mot kosttilskudd-kulturen som har vekse fram.

Salo burde vere i ferd med å få eit frynsete rykte. Jefimova er ikkje den einaste som er tatt i doping medan dei har Salo som trenar. Ho er tatt to gongar, men i tillegg har Ous Mellouli, Jessica Hardy og danske Mads Glæsner også blitt tatt i doping mens dei trente ved USC. Alle har hevda si uskuld, og lagt skulda på medisinar eller kosttilskud.

- Det kjem ikkje frå meg. Det har aldri kome frå meg. Eg meinar at utøvarane ikkje treng tilskudd av noko slag. Eg har aldri råda ein utøvar til å ta nokon ting som helst. Dei veit mitt standpunkt på det.

Jefimovas positive dopingprøve har uansett fått andre trenarar til å sjå raudt. Dopingskandalene i friidrett, og særlig russisk friidrett, har ført til ein enorm oppvask der russisk friidrett er utestengt frå internasjonale konkurransar. Den britiske suksesstrenaren Jon Rudd, mannen bak Ruta Meilutyte, ein av Jefimovas konkurrentar, ønskar seg ei liknande opprydning i svømming.

- Det er ingen tvil om at vi ikkje er ein rein sport. Det var eit sjokk første gang Julija testet positivt, og det er skuffende at en talentfull utøver har valgt denne ruten for å prøve å nå sine mål, seier Rudd til BBC.

- Akkurat no er det mange spørsmålstegn bak flere nasjoner, så la oss åpne opp og la oss se skruene og spikerne i svømming. Om vi skal ha den etterforskningen som vi har sett i friidrett så er det berre dei som har noko å skjule som vil vere i mot det. FINA må støtte det, og dei må vere sterke ellers vil dei miste truverde og respekt. 

FINAs generalsekretær ser ikkje så mørkt på det.

- Det er eit problem, men det er ikkje eit stort problem i svømming. Folk seier at no er det vår tur, men vi gjer alt vi kan, og har ingenting å skjule, seier Cornel Marculescu.

Så får vi sjå då...

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter