simma_logga_2017

Systematisk doping i ti år?

I kjølvatnet av Jefimova-saken har The Times publisert ein sak som skaper store ringverknader i vatnet.

Avisa, der blant anna SwimVortex-skribent Craig Lord skriv, skriv at det har vore systematisk doping gjennom ti år. Mannen bak navngis å vere Sergej Portugalev, same mann som stod bak dopinga i russisk friidrett.

Ein sentral ledar i russisk svømming seier, anonymt, at dersom han uttaler seg vil han havne under eit tog i Moskva i morgon... Mafia altså.

Les kva VG skriv om saken.

Dei fleste norske medier har plukka opp saken.

– Eg synes det rett og slett er forferdelig. Det drep idretten, seier Henrik Christiansen til NRK.

– Når dopingsak til Jefimova blei kjent, så blei det jo snakk om det. Men ein går ikkje rundt og spekulerer i om andre utøvarar kan vere dopa.

Om rapportane stemmer støtter han ei utestengelse av Russland, som i friidrett.

– Eg ser ikkje noko grunn til at dei ikkje skal få same konsekvensar. Det er jo ei ekstrem hard straff ikkje å få lov til å vere med til OL, men det må nok til, og det må få ein konskvense å begå lovbrot på den måten, seier Christiansen.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter