simma_logga_2017

Hackett i meir trøbbel

Grant Hackett var ikkje framand for kontroversar sist han hadde lagt badebuksa på hylla, og han var ikkje meir enn kome seg på flyet frå Adelaide, der Hacketts siste australske mesterskap blei arrangert, før han havna i nytt bråk.

Svømmelegenda har måtte beklage etter at ein berusa Hackett havna i klammeri på flyet med ein medpassasjer. Bråket skal ha starta etter at passasjeren på setet foran lente setet sitt bak. Hackett svarte med å vri medpassasjerens brystvorter...

- Eg angrar seriøst og genuint måten eg oppførte meg på.  Eg beklager utan atterhald til personen på flyet, seier han ifølge The Australian.

- Eg har tabba meg ut meir enn ein gong, og eg jobbar med desse tinga. Det er flaut å høyre og lese om konsekvensane av mine handlinga.

Det australske svømmeforbundet har lova å hjelpe Hackett med vegen vidare, men seier samtidig at dei er ekstremt skuffa over ei ny hending som setter eit negativt søkelys på svømminga i Australia.

Hackett har vore aktuell både som mentor for yngre svømmarar i Rio og som TV-kommentator. No spørs det kva som blir utfallet.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter