Interessante tider

Tim Shuttleworth blir intervju som nybakt britisk mester på 1500m fri. Tim Shuttleworth blir intervju som nybakt britisk mester på 1500m fri.

Sett med norske auger er prestasjonar på 400 og 1500 meter fri for herrar meir interessant enn dei fleste andre no fram mot OL i Rio.

I Storbritannia går det britiske OL-uttaket, og der har det dukka opp nokre interessante namn.

James Guy er sjølvsagt ikkje ukjent, men sølvmedaljevinnaren frå Kazan gjorde altså sterke 3.43,84 på 400 meter fri. Stephen Milnes 3.46,53 berre 16 hundredeler bak Henrik Christiansens tid under Swim Open Stockholm.

Meir oppsiktsvekkande var 1500-meteren. Milne blei nummer to på 14.59,10 bak 1997-modellen Tim Shuttleworth.

Shuttleworth svømte inn til 14.55,23. Tida er 1,46 sekunder bak Christiansens tid frå Swim Open Stockholm, men det mest oppsiktsvekkande er Shuttleworths utvikling. For om Christiansens utvikling er oppsiktsvekkande, er Shuttleworths utrulig.

I fjor på samme tid svømte Shuttleworth personlig rekord med 15.45,52. Det er pers med 50 sekund på eit år...

Under Danish Open kvalifiserte fleire danskar seg til OL på "Henriks" øvingar.

På 1500 meter fri klarte Pál Joensen kravet med 15.04,13. Ikkje alt for imponerande av færingen, som har meir inne.

Anton Ørskov Ipsen bomma på kravet med 17 (!) hundredelar med 15.07,70, men Ipsen er klar for OL likevel: på 400 meter fri.

Ørskov Ipsen vant 400-meteren på 3.48,39, tre hundredeler foran Mads Glæsner. Begge er klar for OL.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter