Cesar Cielo ikkje til OL

Cesar Cielo. Verdas raskaste mann i vatn gjennom historia, og brasils største svømmestjerne, kjem IKKJE til å vere med i OL i Rio.

Det er klart etter at Cielo blei nummer tre i Trofeo Maria Lenk på 50 meter fri. Cielo oppnådde tida 21,91, som gjer han til den niande beste mannen i verda i år (etter at Vladimir Morozov svømte 21,62 i det russiske mesterskapet.)

Problemet er at både Bruno Fratus (21,74) og Italo Duarte (21,82) svømte raskare enn Cielo og tar dei to plassane for Brasil i samme basseng i august. Cielo droppa finalen på 100 meter fri, og er derfor ikkje aktuell for stafettlag heller. Istaden blir han TV-kommentator.

Cielo er ein følelseslada kar, kjend for tårene på toppen av pallen. Etter at han mislukkast beklaga supersprinteren til supporterne, til Brasil og hans mor og far. 

- Eg må be om tilgivelse. Det var for mykje for meg. Eg hadde eit vanskelig år i fjor, og i dag svømte eg ikkje bra. Eg ønskar laget lykke til, sa Cielo.

- Slik er toppidrett. Du må prøve nye ting, ny teknikk og på samme tid utviklar alle andre seg og kjem opp.

Ein kan sei mangt om dopingtatte Cielo, men at han ikkje er med er eit stort navn mindre i OL-bassenget.

Sjå løpet som foregla hans OL-skjebne.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter