Sommar

Sommaren, eller ein forsmak på den, har kome til store deler av landet dei siste dagane

Med den har Simma tatt seg nokre sabbatsdagar. Aktive svømmarar har ikkje den luksusen. Der må treninga intensiverast og vedlikeholdast i perioden når freistingane utanom bassenget blir større. Somme få har moglegheita for å trene utandørs i Norge når sola og temperaturen gjer det mogleg. For desse er det nok lettare. For andre er mai ofte den månaden som skiller klinten frå kveita. Det er mange fridagar, veret kan vere bra og kanskje byrjar vener og familie å bli ferdig med skule og jobb før sommaren. Det kan vere tøft å ta dei rette valga då. Valga som gir ein nok kvile, og ideelle førebuingar til konkurransane som kjem gjennom sommaren, anten det er Bergen Swim Festival, Mjøs-Svøm, NM, EM eller OL som er det største målet.

Landslagssvømmarane har no vore nede frå høgda ei veke etter eit opphold i Sierra Nevada. Og ting ser bra ut. Ikkje minst for det store norske håpet Henrik Christiansen. Dei funksjonshemma ser i alle fall ut til å ha hatt godt utbytte av deira samling der oppe på 2300 meters høgde. Dei representerte Norge framifrå under EM i Portugal førre veke.

Neste veke er det dei funksjonsfriske sin tur. Det skal bli interessant også med tanke på resten. Medaljehåpet er nok Henrik Christiansen, men kor kjem han til å vere fysisk? Det gjenstår å sjå. Det er sagt at det ikkje blir lagt opp noko formtopp til London, men er det ein som kan svømme seg i form er det Henrik.  Og får han selskap til OL? Om Cecilie, Sverre, Sindri, Susann eller nokon av dei yngre meiner alvor i 2012 bør ein (i det minste) byrje å sjå tendensane i London.

Internasjonalt så er stadig fleire byrja å bli klar til London. Tyskland er ferdig med sine uttaksstevner og Marko Koch flyr flagget høgast for den tidlegare stormakta. Nok ein gong under 2.08 på 200 meter bryst.

Yannick Agnel får også plass på 200 meter fri etter kontroversane i det franske mesterskapet.. Det kan du lese meir om lenger nede på Simma. Ein annan tidlegare olympisk mester på 200 meter fri, Michael Phelps, er blitt far og sonen har fått namnet Boomer Robert Phelps. Fornavnet er ikkje oppkalt etter den legendariske svømmetrenaren Bill Boomer, mange har køyrde Boomer-drills, men Robert er oppkalla etter trenar Bob Bowman og bestemor Roberta. Det er nok svømming i den kroppen der, om han vil då...

/SES

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter