EM-sølv!

Sølvmedalje på 400 meter fri i eit internasjonalt langbanemesterskap, utoppa. Om det ikkje har lukta gullfisk av Henrik Christiansen så gjer det i alle fall det no. Han er ein faktor å regne med i alle internasjonale mesterskap framover.

Han svømte 12 hundredelar raskare i Swim Open Stockholm, men 3.46,49 er ei høgklassetid. Spesielt når vi veit oppladninga han har hatt. Høgdetrening, 80 kilometer førre veka, og mengdetrening med hovudsakleg lav intensitet fram mot stevnet. Syretoleransen skal ikkje vere på topp. 

Og det lovar utrulig godt før OL, men også for resten av EM.

Nok ein gong viste Henrik fram kva konkurransehovud han har. Vel vitande om at syretoleransen kanskje ikkje er på topp opna han saktare enn han gjorde då han satte norsk rekord i Stockholm. Også kunne han justere opp eit lite knepp til finalen. Ein finaleskalle utan like. 

Gullvinnar og mesterskapsrekordsettar Gabriele Detti er ein imponerande svømmar. Han og treningsparter Gregorio Paltrinieri blir tøffe nøtter å knekke framover.

– Det er utrolig kult. Nå har jeg etablert meg ganske greit. Nå må jo folk nesten begynne å skjønne hvem Henrik Christiansen er, gliser 19-åringen til SVT skriver NRK.

Og ja. Både Detti, Paltrinieri og resten av  konkurrentane veit no kven Henrik er.

Det manglar eit par av europearane som kunne konkurrert med toppen i dag. Tyskarane Biedermann og Vogel. Paltrinieri stilte ikkje på øvinga. James Guy var ubarbert og i badebuksa. Danske Glæsner og Ipsen. Men ein kan berre slå dei som er foran seg. Og det gjer Henrik som regel.

Andre vinnarar:
400 meter medley kvinner: Katinka Hosszu, 4.30,90
4x100 meter fri kvinner: Nederland, 3.33,80 (Sverige bronse, 3.37,84)
4x100 meter fri herrer: Frankrike, 3.13,48

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter