Ein av dei dagane

Henrik Christiansen har gjort oss bortskjemte. Det er grunnen til at vi sitter litt skuffa igjen etter sjuandeplass på 1500 meter fri i eit EM der Christiansen stiller utoppa.

Faktum er nok at 15.04,60 (15.00,27) er nærare normalen i den treningsperioden som vi veit Henrik er i, enn den 400-meteren på 3.46,49. Men med den i minne spente vi forventningsbuen høgt, og hadde håp om tid ned mot personlig rekord også på 1500-meteren. Då var ikkje medalje utenkelig heller.

Men 1500 meter fri er nådelaus. Er du berre 99 prosent smeller det, og det var ikkje den rette dagen for Henrik Christiansen i dag. Ikkje unaturlig det i ein treningsperiode med hundrevis av tusen kilometer dei siste vekene.

Christiansen åpna omtrent etter rekordskjema, men etterkvart blei det for tøft og særlig frå 1000 meter og ut blei det tungt. Når melkesyra først kom var ikkje kroppen "tuna" til å takle det som han kjem til å gjere med overskot og anaerob trening i banken.

– Eg er litt usikker på kvifor det ikkje gjekk. Før løpet følte eg meg veldig bra. Dette kom litt som eit sjokk. Eg merkar det at eg ikkje er i toppform no. Då er det kanskje ikkje så rart at eg fekk ein stopp her, seier Christiansen til NRK.

– Eg gler meg til å få analysert løpet for å få svar på kva som gjekk gale. Dette stemte ikkje noko særleg. Eg følte berre at eg ikkje hadde særleg med krefter igjen, men det er jo lov å ha ein dårleg dag.

Så absolutt, og rapportane skal ha det til at verken han eller det norske teamet tar resultatet så tungt. Med rette.

Men det var ein interessant finale. Seks svømmarar under 15 minutter fortel at det blir mange i kampen om beinet også på 1500 meter fri under OL i Rio. 1996-årgangen må for øvrig vere ein av tidenes beste langdistansegenerasjonar. Mikhailo Romantsjuk (UKR) og Wojciech Wojdak (POL), som har fulgt Henrik Christiansen i internasjonale konkurransar i alle år, tok henholdsvis bronse og sjetteplass. I tillegg kan ein nevne Mack Horton (AUS)... Romantsjuk passerte også Henrik på verdsrankinga for i år med sin 14.50,33.

Men det 94-modellen Gregorio Paltrinieri dreiv med i dag var beint fram fantastisk. Europarekord med fem sekunder til 14.34,04. I einsam majestet heile løpet, duracell-kanina.  Med 100 meter igjen låg Paltrinieri, såvidt, føre Sun Yangs verdsrekordpassering, men han har ikkje teknikken til å matche Yangs vanvittige siste 100 (53,4). Skal Paltrinieri ta rekorden må han ha 2-3 sekunder å gå på før siste to lengdene.

Sølvet til Gabriele Detti. Han trenar i Milano under trenar Stefano Morini. Saman med Paltrinieri. Det er konkurranse på trening, det.

Sindri Thor Jakobsson var også i aksjon i semifinalen på 200 meer butterfly. Han klarte ikkje å forbedre sin eigen norske rekord, men gjorde ei ny god tid under den gamle rekorden.

1.59,12 blei sluttida etter eit løp som minna ein del om i dag tidlig. Sjølv om andre og tredje 50 gikk noko saktare blei det ikkje heilt svung på siste 50. 26,23 - 30,24 - 30,82 - 31,83.

Ellers gratulerer vi Sverige og Sarah Sjöström med gull på 100 meter fri, Island og Hrafnhildur Luthersdottir med sølv på 100 meter bryst.

Her finner du alle resultater.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter