Norsk rekord!

Sindri Thor Jakobsson stod for den store oppturen under forsøka på tredje dag av EM i London. Jakobsson svømte inn til norsk rekord på 200 meter butterfly: 1.58,93 - ei rekordforbedring med 73 hundredelar.

Med det tok Sindri seg til semifinalen, og det er litt å rette på for Lambertseter-svømmaren. Først og fremst i løpsopplegget: 26,42- 30,04 - 30,46 - 32,01.

Men Sindri har fått bevist at den nye teknikken der han glir meir på taka (som han brukte i 150 meter) fungerer. Kanskje ein til og med skal bruke den heile vegen? Sjølv om tidshoppet på 1,5 sekund frå tredje til siste 50 nok skyldes ein del melkesyre. Avansement blir det neppe, men kanskje kan han forbedre rekorden igjen.

Og på sikt kan dette starte et angrep på OL-kravet: 1.56,97. Ta ein Gard Kvale anno 2008 og svømme seg i stadig bedre form. I kveld er det semifinale. Neste veke er det Bergen Swim Festival.

For Sverre Næss var 200-meteren for lang med tanke på sjukdomen som han har slitt med lenge. 2.19,24 og 40.plass er berre å sette ein strek over og sjå vidare. For Jørgen Scheie Bråthen var 2.21.-sluttida bra, synd då at persen med tre sekund aldri blir gjeldande. Disk.

Markus Lie satte ein ny personlig rekord på ein sprintdistanse. 26,18 er pers på 50 meter rygg med halvsekundet og ein 22.plass, berre nokre tidelar frå semifinale. 

I kveld: Henrik Christiansen i finale på 1500 meter fri. Paltrinieri er nok utanfor rekkevidde, men kva med Detti? Og kan han true sin toppa norske rekord?

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter