Finale + semifinale

FOTO: Svømmeforbundet. FOTO: Svømmeforbundet.

Henrik Christiansen gjekk greit vidare til finalen på 800 meter fri. Sett utafrå såg det ut som ein bedre dag for Christiansen i dag. Han var meir aggresiv og evna også å avslutte godt. 7.53,06 og sjetteplass inn til finalen. 

Det blir nok vanskelig å hamle opp med Paltrinieri og Detti. Bronsevinnar på 1500, Romantsjuk, såg også ut til å ha full kontroll i dag. Spennande med Shuttleworth som frå heat 1 endelig fikk vist seg fram på heimebane. 

1,5 døgn til med restitusjon så er det nye medaljesjanser for Henrik, men det blir tøft. Italienarane og Romantsjuk spesielt er i knallform. 

Truls Wigdel fekk det ikkje til å stemme på 800-meteren. 8.17,80 og 26.plass.

Stina Kajsa Colleou fekk det derimot til å stemme ganske bra på 200 meter bryst. 2.30,30 ga ein 17.plass, men semifinale til Colleou ettersom det var tre britar foran ho. Forhåpentlig kan ho presse tida ned mot personlig rekord: 2.29,26 i ettermiddag, men avansement er nok for mykje for langt.

Colleou hadde ingen bra 100-meter, men det hadde Ariel Braathen. På 200-meteren var rollene ombytta. Braathen var aldri med i løpet og ho fekk ein 35.plass etter litt skuffande 2.35,78.

Markus Lie var i aksjon på 100 meter fri, men klarte ikkje true den norske rekorden til Jarl Inge Mellberg i dag. Ei OK avslutning, men første 50 var altfor sakte til at han skulle kunne svømme under 50 sekunder. 50,77 og ein 62.plass.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter