Henriks 800

Sjetteplass på 800 meter fri for Henrik Christiansen med tida 7.51,84 kan for det utrente auget framstå som ein litt skuffande prestasjon, med tanke på at det er seks sekunder over hans norske rekord.

Faktum er imidlertid at tida befestar at Christiansen er i rute til Rio-OL. Det er ei tid av ei anna klassa enn 15.04 på 1500-meteren, og godt innafor normalen i den treningsperioden som Henrik er inne i. Han har ikkje lagt skjul på at EM har blitt nedprioritert formmessig.

Fantastiske 7.45,66 frå langbane-VM i fjor står trulig framleis som Henriks beste løp nokonsinne, og det er nok den øvinga der han har fått ut mest av sitt potensial akkurat no.

Men er det noko EM har vist så er det at konkurransen blir meget høg på distanseøvingane i år. Det viser prestasjonane til Paltrinieri, Detti, Romantsjuk, Micka osv. Pluss på dei som ikkje er i form her, Joensen og co, samt amerikanarar og australiarar med meir så blir det eit bikkjeslagsmål om finaleplassen i Rio.

Marte Løvberg blei beste norske på 200 meter fri med 2.01,67. Ho slo med det ikkje berre Cecilie Johannessen i dette EM, ho tok også Johannessens juniorrekord frå 2009 med ett skarve hundredel. Tida ga ein 24.plass, mens Johannessen blei nummer 27 med 2.02,00.

Sindri Thor Jakobsson var neppe overlykkelig over 54,58 og 51.plass på 100 meter butterfly, mens Jørgen Scheie Bråthen kan være godt fornøyd med 50 meter bryst. 28,11 er ei fin tid for Scheie Bråthen og personlig rekord. Det var også svært nærme avansement, men dessverre blei han berre førstereserve.

4x100 meter fri mix-laget var i finalen igjen, skjønt det skulle ikkje så mykje til - og alle fire leverte greie etapper. Markus Lie hadde nok håpa å snuse på Jarl Inge Mellbergs rekord 100 fri-rekord, men det blei altså med 50,62 i finalen etter 50,60 i forsøket. Truls Wigdel 51,65, Susann Bjørnsen 55,63 og Marte Løvberg 55,43 komplementerte det norske laget.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter