Norsk rekord av Sindri

Sindri Thor Jakobsson tar stadig nye steg. Denne gongen var det berre nokre hundredelar forbetring for førre vekes 200 meter butterfly, men 1.58,85 er norsk rekord.

Framleis gjenstår 1,9 sekunder til A-kravet til OL, men Jakobsson er styrka i trua på at det kan gå etter at han nok ein gong forbedra sin norske rekord.

- Ja, absolutt. Eg har ikkje fått tid til å trene så mykje anaerobt, så med litt meir av det framover, så trur eg absolutt det er mulig, sier Jakobsson i eit intervju gjort foran TV 2-mikrofon.

- Ser vi Sindri Thor Jakobsson i OL?

- Ja. Det trur eg. Absolutt, gliser Jakobsson.

3. juli er siste muligheit for å kvalifisere seg til OL, og Jakobsson har blinka ut Open de France i Vichy 2. og 3. juli som hans mulighet. Han rekker å trene og konkurrere litt før det. 

Men det betydde også noko for han å sette norsk rekord på heimebane, foran den største heiagjengen i arenaen.

- Det kunne ikkje blitt så mykje bedre enn å sette norsk rekord foran familie og venner som har møtt opp for å støtte meg, seier han.

Du kan sjå innspurten av løpet, og ein liten del av intervjuet i denne videoen på tv2.no.

I bana ved sidan av Sindri svømte Tomoe Zenimoto Hvas inn til juniorrekord på samme øvelsen med 2.03,04. Solid, og stadig i utvikling.

Ariel Braathen fulgte opp med nok ein juniorrekord på 100 meter bryst: 1.09,68 på 100 meter bryst. Sakte, men sikkert er Braathen tar Braathen steg framover - bra!

Ein veit kva Katinka Hosszu er i stand til, men sjølv om ein er førebudd er det vanskelig å tru på det ein ser i ettermiddag.

Eit vanvittig race, som først tar slutt på 100 meter bryst. Då var det tomt for krefter og ungararen havnar sist i finalen. Det etter å ha vunne alt anna. Suveren på 200 meter fri, full kontroll på 100 meter rygg (med EM-finalist i feltet). Vinner utslagskonkurransen på 50 meter fri.

Så, på 200 meter butterfly (hennar fjerde finale), er det opp mot fjorårets verdsmeister Natsumi Hoshi. Ein tenker at NO må det vel vere slutt? Neida. Hosszu vinner med ei knallsterk avslutning, og held fram med å imponere i utslagsfinalen på 50 meter butterfly, der ho såvidt får outtoucha motstanden.  200 meter rygg er også lett match. Mot VM-finalister. Wow.

Kosuke Hagino viser også framifrå svømming på 200 meter fri og rygg. På førstnevnte distanse tok han gullet framfor Markus Lie og Marco Bellotti med Henrik Christiansen henvist til fjerdeplassen. Lie nærmar seg 1.50-grensa (1.50,14 denne gongen), mens Henrik ikkje var heilt i 100 i kveld, utan at det er noko grunn til bekymring fordi om.

Sjekk alle resultater.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter