1. juni

FOTO: Kjell Eirik Irgens Henanger
FOTO: Kjell Eirik Irgens Henanger
Sindri Thor Jakobsson. FOTO: Kjell Eirik Irgens Henanger. Sindri Thor Jakobsson. FOTO: Kjell Eirik Irgens Henanger.

Vi går inn i den første sommarmånaden, men viktigare: Det er to månader og fem dagar til OL i Rio.

Etter BSF er det mykje som gjer grunn til å være positiv med tanke på den norske svømmesommaren.

Henrik Christiansen er i rute. Både EM, der han kanskje overpresterte litt då han svømte inn til sølvmedalje på 400m fri, og Bergen Swim Festival var gode testsstevner så langt vi kan bedømme. 

Og Henrik får etter alle solemerker følge til OL. Susann Bjørnsen tok a-kravet til OL på 50 meter fri i EM og fulgte opp med gode løp under BSF, blant anna personlig rekord på 100 meter fri - og tider rundt 25,5 på resten. Vi håpar ho får det offisielle uttaket på plass i neste uttaksrunde 19. juni, og kan byrje å førebu seg optimalt fram mot OL utan tvil. For så råflotte kan vi ikkje vere at vi ikkje sender dei med a-krav.

Og det var fleire ting som styrkar ein i trua om at det kan bli fleire på flyet til Rio.

Sindri Thor Jakobsson tar stadig enkelte småsteg. No må han få ein sjukdomsfri månad der han konkurrerar stadig meir, og så må han sette saman eit løp som sitter optimalt så er ikkje 1.56,9 utenkelig for han på 200 butterfly.

Markus Lies 49,8 VAR eit skikkelig jafs. Det er kanskje råflott å håpe på at han skal kome seg ned under 49 denne sommaren, men både han og landslagssjefen er tindrande klare på at Lie kjem til å svømme raskare enn 49,84 denne sommaren...

Ariel Braathen held fram med å spikke tiendelar og hundredelar av dei norske juniorrekordane på brystøvingane. Ho uttalar til Bergens Tidende og lokalaviser på Os at ho ikkje har gitt opp OL i Rio, sjølv om det er 1,8 sekunder ned til kravet på 100 meter bryst.

Og der er vi inne på kjerna av det som kanskje gjer meg mest optimist. Dei norske svømmarane no er sjeldent offensive. Det verkar som det er ein utbredt tru på at det kan gå. At jobben ein gjer er god nok, og at ein, berre ein held seg frisk og får gjort jobben ein skal, kan klare det. Det blir spennande å sjå om Sverre Næss får rista av seg sjukdomen og gjort eit siste heilhjerta forsøk på 200m bryst-kravet.

Sindri Thor Jakobsson uttaler til meg foran TV 2-mikrofon at han skal til OL. Cecilie Waage Johannessen seier at det først er no hardkjøret begynner. At planane er endra, men at ho no er sterk i trua på at det kan bli Rio. Ellers hadde ho ikkje drive med dette. Ikkje gløym at Cecilie har ein pers berre 13 hundredelar frå OL-kravet på 50m fri.

Så lenge uttalelsane stemmer med kva svømmarane faktisk føler inne i seg, så er det ingen fare å uttale kva måla er. Og det å ha trua på at det kan gå er faktisk ei forutsetning for at det skal gå... Og ingen kjem til å syns noko anna enn at det er synd om det ikkje går.

Så alle med hårete mål! Say it loud, say it proud!

Også grunn til optimisme når vi ser dei unge som kjem opp og markerer seg no: Wigdel, Zenimoto Hvas, Løvberg osv. Om det ikkje blir Rio, så blir det eit slagkraftig landslag fram mot 2020 med dei overnevnte pluss eit par tre til.

PS: På BSF får vi også demonstrert at vi i bredden har ein lang veg å gå før vi er ein svømmenasjon av høg kvalitet. På eit par øvingar fekk vi verkeleg demonstrert at vi er eit stykke unna...

/SES

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter