simma_logga_2017

Jefimova i OL-troppen

Julija Jefimova er tatt ut i den russiske OL-troppen til Rio.

Vi ser at internasjonale svømmenettstader tilsynelatande er overraska over dette, men så lenge den midlertidige suspensjonen mot ho er fjerna er det naturlig at russarane gjer det slik. Er ho de facto ikkje utestengt i Rio kjem ho til å stille til start.

Saken er imidlertid framleis ikkje avgjort. FINAs dopingutvalg ventar på det internasjonale antidopingbyråets avgjerdsle på kva Meldonium-saker som skal vere gjeldande. Det stridast om kor lenge stoffet blir verande i kroppen, og om det kan stemme at utøvarane slutta å ta det før 1. januar, men likevel blei tatt for det i januar/februar/mars. Dette er også eit spørsmål om kor store mengder det var av stoffet i kroppen.

Det hastar å få dette avklart, slik at ikkje Jefimovas deltaking i OL i Rio blir med ei mørk sky hengande over seg at ho KAN bli stryke frå resultatlistene i ettertid pga denne saken.

Laget:
Kvinner:

Sofia Andrejeva; Viktorija Andrejeva; Daria Tsjikunova; Svetlana Tsjimrova; Julija Jefimova; Anastasia Fesikova ; Natalia Lovtsova; Daria Mullakajeva; Rozalija Nasretdinova; Arina Openysjeva; Veronika Popova; Daria K. Ustinova

Herrer:
Viatsjeslav Andrusenko; Alex Brianski; Anton Tsjupkov; Ilja Druzjinin; Mikhail Dovgaljuk; Andreij Gretsjin; Danila Izotov; Ilja Khomenko; Jevgenij Koptelov; Alexander Krasnykh; Nikita Lobintsev; Semen Makovitsj; Vladimir Morozov; Daniil Pakhomov; Aleksander Popkov; Jaroslav Potapov; Kirill Prigoda; Jevgeny Rylov; Aleksander Sadovnikov; Andreij Sjabasov; Aleksander Sukhorukov; Grigorij Tarasevitsj; Vsevolod Zanko.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter