OL-drømmen over

Det var det. Av alle som har hatt olympiske ambisjonar dei siste fire åra i Norge er det når fristen er ute berre to svømmarar som har tatt kravet.

Den eine, Henrik Christiansen, har fått klarsignal. Den andre, Susann Bjørnsen, ventar enno på siste uttaksrunde.

Ingen har klart å ta det steget som skulle til i løpet av den siste månaden, og i realiteten er det ingen som denne helga har kome spesielt nære å få oppfylt sin olympiske draum.

Sjølvsagt ein nedtur, først og fremst for utøvarane som har ofra mykje dei siste åra for å klare å oppnå det som er så mange sin drøm: Å bli ein olympier. 

Vi får berre håpe at så mange som mulig av dei som var i nærleiken no klarer å motivere seg for å gå vidare og gå på nye sesongar. Det er viktig at dei med erfaring held ram i norsk svømming. Det fins nok av svømmarar heilt opp i 30-åra som utviklar. Kanskje nokon legg og følger ein olympisk plan i ein fireårssyklus? Ser stort på NM i periodar osv, og trenar målbevisst med årsplanar der kvar einaste sesong skal utvikle deg og ta deg vidare. At ein ikkje ser frå NM til NM, men frå sesong til sesong. 

Det er ei krevande øving, men det er mulig. Og den olympiske drømmen lever.

Søndag fekk ein desse resultata i dei internasjonale stevna:

Open de France:
A-finaler:

100m bryst, herrer: 7. Sverre Næss, 1.03,21 (Forsøk: 1.03,38)
200m butterfly, kvinner: 6. Emilie Nyenget Løvberg, 2.14,41 (forsøk: 2.13,30)
200m bryst, kvinner: 5. Stina Kajsa Colleou, 2.30,99 (forsøk 2.31,78)

B-finaler:
200m fri, herrer: 16. Markus Lie, 1.51,64 (forsøk: 1.51,34)
200m butterfly, kvinner: 13. Klara Farkas, 2.21,09 (forsøk: 2.18,78)
100m fri, kvinner: 10. Annika Winsnes, 56,09 (forsøk: 56,14)

Sindri Thor Jakobsson svømte ikkje finalen på 100 meter butterfly i Frankrike, mens verken Cecilie Johannessen eller Ariel Braathen svømte sine finalar i Scottish National.

Cecilie Johannessen, 100m fri, 56,15
Ariel Braathen, 50m bryst, 32,57
Sindri Thor Jakobsson, 100m butterfly, 54,46
 

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter