Jefimova til OL - konkurrentene raser

Har satt sinnene i kok i svømmeverda. Det er no klart at Julija Jefimova kjem til å få delta i OL, trass i at ho tidlegare i år testa positivt for meldonium.

Britiske Jon Rudd, ein av dei som snakkar mest om antidoping i svømminga, rasar i SwimVortex. Det gjer også amerikanske John Leonard.

- Gratulerer FINA, derer har akkurat mistet tilliten til tusenvis av svømmere og supportere. skriver Rudds elev og Jefimova-konkurrent Ruta Meilutyte.

- Det er ikke rettferdig at rene utøvere må konkurrere mot juksemakere, skriver den svenske brystsvømmaren Jennie Johansson.


Det blir god stemning i call room der, men det er ikkje berre dei med personlige interesser som reagerer.

- Dere gjør skam på sporten vår, og ødelegger karrierene til ærlige utøvere. Skam dere, FINA, skriver OL-sølvvinnar Michael Jamieson.

Ifølge Jefimovas advokat har FINA droppa anklagene mot den russiske brystsvømmaren. Bakteppet er at verdas antidopingbyrå (WADA) har oppheva suspensjonen av dei som er tatt for stoffet meldonium dei første månadane av året. Grunnen er at ein ikkje veit kor lenge stoffet blir verande i kroppen. Fram til 31. desember var det lovleg å bruke middelet, og Jefimova hevda at ho slutta å bruke det før dette. Bruken av stoffet var utvilsomt utbredt i Russland, noko ein ser på det store antalet utøvarar som er tatt for stoffet.

Og her er vi ved kjerna i saken. Ja, det var sjølvsagt ei gråsone før 31. desember. Men dersom det ikkje kan bevisast at Jefimova har brukt stoffet etter at det blei ulovlig, er det då rett å utestenge ho?

Det er mange grunnar til å rette peikefingeren og bruke stygge ord om FINAs opptreden i dopingsaker, men dette er trulig ikkje den rette. Faktum er at det er WADA som har tabba seg ut og skapt dette smuttholet. WADA forbydde eit stoff som dei ikkje kjende godt nok til å vite nøyaktig korleis det fungerer i kroppen. Når dei innsåg tabba hadde dei lite anna val enn å gje amnesti til dei som dei ikkje kan bevise har juksa. Samtidig forskar dei på kor lenge meldonium faktisk blir i kroppen.

Det som sjølvsagt ligg bak her, og som gjer det vanskelig å tru på den russiske svømmaren, er at ho er tatt i doping før. Men det har ho sona for, og er dermed ferdig med den saken. Slik fungerer eit rettssystem. (Ho burde sjølvsagt vore ute lenger ved den første forseelsen, men det er også ein anna sak).

Det er kjipt at doptatte utøvarar er med i Rio. Men akkurat her er det vanskelig å sjå at ein kunne agert annleis med Jefimova.

Eit heilt anna spørsmål er jo om ein i svømming burde gjort som i friidrett - stengt ute heile Russland.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter