God Christiansen-tid + tre norske rekorder

Arkivfoto: Øyvind Thorsen. Arkivfoto: Øyvind Thorsen.

Ein rekordfattig start på NM langbane i Kristiansand, men mange gode tider likevel.

Henrik Christiansen fikk dokumentert god form, tre veker før OL i Rio, i eit løp lagt opp etter tilstanden. Negativ split på 400m fri er flott, men forteller også at det er litt meir å hente der allerede no. For ikkje å snakke om i Rio. Henrik gjorde også sterke 1.49,69 på sin etappe på 4x200 meter fri-stafetten.

Ellers gode duellar og fine tider på 200m fri for kvinner og 200m medley for herrer.

Dei norske rekordane var det stafettane som stod for. Ikkje uvanlig det. Bærumsvømmernes 4x100 meter fri for kvinner knuste den gamle rekorden med over to sekunder (3.46,20 mot 3.48,40). Madlagutane tok norsk juniorrekord på 4x200 meter fri - forbedra sin eigen frå i fjor med to sekund - før dei tok eit nytt sekund til finalen (7.38,55).

Ingrid Thunem har sagt nei til Rio, men har ikkje ligge på latsida. Verdsrekord på 200 meter fri og under fire minutter. Vi gratulerer med det!

Seniorfinale for seniorfinale:
NM starta med eit smell for heimepublikummet. Amalie Thorstensen var først i ein dobbeltsiger til Team Sør på 400 meter medley. 4.59,69 foran Sofie Reisænen og Astrid Julie Halvorsen, begge på 5.05.

Formbeskjeden frå Henrik Christiansen etter siste høgdetreningsleir er god. Han svømte 400-meteren med negativ splitt og inn til 3.49,86 (1.55,01-1.54,85). Sjølvsagt suveren norsk mester - foran dei tre Madla-gutane som tok gull, sølv og bronse i juniorklassa.

På 100 meter bryst blei det dobbel BSC - Ariel Braathen foran Elida Hole. Braathen med tøff opning på 32,80, men det svei mot slutten for Braathen.

På 100 meter butterfly utfordra Runar Borgen Sindri Thor Jakobsson med ei tøff opning første 50, men Jakobsson har si styrke i avslutninga og vant til slutt klart. 54,4 mot 55,0.

Dagens kulaste duell kom på 200 meter fri, der Cecilie Waage Johannesen måtte jobbe for sitt n'te NM-gull. Ni hundredelar bak Annika Winsnes med 50 meter igjen, og på vikande front første 25 av siste lengda blei snudd til ei strålande avslutning - og sju hundredeler i Johannessens favør: 2.00,79. Winsnes 2.00,86. 

Bra duell mellom dei tidlegare klubbkameratane Markus Lie/Jakobsson på 200 meter medley også. Jakobsson med 100 meter butterfly i kroppen leda opp til 150, men Lie kan svømme crawl og avgjorde greit inn på 2.02,77. Jakobsson med fine 2.03,65 og etter denne finalen er det berre Gard Kvale (2.01,52) som har svømt raskare av nordmenn på øvinga.

Cecilie Waage Johannessen fylte på medaljesamlinga med gull på 50 meter rygg like over 30 sekunder. Også medaljevante Sofie Reisænen tok sølv, mens Øvre Eikers Maria Aaslands bronsemedalje trulig var den som betydde mest.

På 50 meter bryst var det ingen tvil om at Jørgen Scheie Bråthen (28,08) skulle ta gullet til Lambertseter. Best i både start og i svømming. Vant med nesten sekundet ned til Sverre Næss og Zsoltan Horvath.

4x100 meter fri for kvinner blei eit kappløp med klokka for Bærumsvømmerne-jentene. Eit kappløp dei hadde ingen problemer med å vinne. Winsnes 56,24 - Næss Olsen 56,37 - Øritsland 56,49 - Stenseth 57,10

4x200 meter fri for herrar var litt meir spennande med tre lag side om side ut på siste etappe. Madlas Eivind Bjelland avslutta sterkast og kunne etterkvart sikre eit greit gull til stavangergutta - som forbedra sin eigen norske juniorrekord frå formiddagen. Under eit sekund bak den norske seniorrekorden også.

PS: Den største skandala på dag 1 var vel plasseringa av Eid SK på kartet før start...

Norske rekorder:
Bærumsvømmerne, 4x100m fri, kvinner - 3.46,20

Norske juniorrekorder: 
Madla, 4x200m fri, gutter - 7.39,86
Madla, 4x200m fri, jenter - 7.38,55

Verdensrekorder, funksjonshemmede:
Ingrid Thunem, 200m fri, kvinner S1 - 3.59,02

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter