Sju russarar nekta

I kjølvatnet av at IOC lot det vere opp til dei internasjonale særforbunda om dei skulle tillate russiske utøvarar er det klart at sju stykker ikkje får lov å delta. Dette fordi dei har befatning med doping frå før, eller er nemnd i McLaren-rapporten som kom førre veka og starta heile saken.

Utøvarar må bevise at dei ikkje har brukt doping (i realiteten aldri testa positivt), og dermed er det klart igjen at Julija Jefimova iikkje får delta i OL. Det får heller ikkje verdsmeister Vladimir Morozov, som blei nemnd i McLaren-rapporten.

Dette er utøvarane som ikkje får delta:
Dopingtatt:
-    Mikhail Dovgaljuk
-    Julija Jefimova
-    Natalia Lovtcova
-    Anastasia Krapivina (Maratonsvømming)

Nemnd i McLaren-rapporten:
-    Nikita Lobintsev
-    Vladimir Morozov
-    Daria Ustinova

Du kan lese heile pressemeldinga her.

Bra at nokon tar grep, men samtidig har FINA brukt gått minst mulig motstands veg utfrå det IOC har nemnd. FINAs tette band til Russland er velkjende. Dei har for øvrig også meldt at alle prøvene til russiske utøvarar frå VM i Kazan skal retestast.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter