Russland og doping

I går utestengte FINA sju russiske svømmarar frå OL i Rio etter IOCs dom om at det var opp til dei internasjonale særforbunda sjølv å innstille russiske utøvarar til Rio. Men siste ord er definitivt ikkje sagt.

Eit av krava var at alle tidlegare doptatte utøvarar ikkje får lov til å stille. Derfor er blant anna Julija Jefimova utestengt. Jefimova kjem imidlertid til å ta saken til idrettens voldgiftsrett (CAS). For kan ein egentlig nekte folk som har sona straffa si å delta? Etter dagens regelverk: Nei, og det som gjer det enno verre: doptatte utøvarar (sjølv frå Norge) kjem til å delta i Rio. Kan ein forskjellsbehandle slik? Tvilsomt, men eit anna spørsmål er om CAS i det heile tatt rekk å behandle det før OL. I dag er det 11 dagar til svømminga startar.

Tre svømmarar blei utestengt utan å ha vore tatt i doping, fordi dei ble nemnd i den såkalla McLaren-rapporten. Blant dei Vladimir Morozov. Han bedyrar si uskuld, og nevner at han er blitt dopingtesta av fem ulike antidopingmyndhigheiter: FINA, WADA, RUSADA, UKAD og USADA, utan å teste positivt. Sjå hans Facebook-uttaling under denne saken. 

Det er vanskelig å benekte at dette er gode poeng. Med forskjellsbehandling på enkeltutøvarar som skjer på denne måten blir forsøket på antidopingbekjempelse ikkje like effektivt som det kunne ha vore: Å utestenge heile Russland på grunn av beviselig statleg og gjennomorganisert doping. Då hadde det i alle fall vore likt internt i Russland...

Ein ting er sikkert: Siste ord er ikkje sagt.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter