simma_logga_2017

Finaler 1: Golden Lady

Katinka Hosszu er ikkje lenger berre jernkvinna - ho er også gullkvinna etter ei vanvittig oppvisning på 400 meter medley. Hosszu satte alle til veggs med ein fantastisk ny verdsrekord.

Etter å ha lukta på rekorden i forsøket var det alle klutar til, og på eit tidspunkt hadde ho over fem sekund ned til Shiwen Yes passeringstid frå verdsrekordløpet i London, og då var sjølv ikkje den uforlignelege avslutninga til Shiwen nok.

4.26,36 slettar kinesarens 4.28,43 frå rekordbøkene. Sjølv konkurrentane måpte ved målgang. Wow. Maya DiRado sølv, Mireia Belmonte Garcia, bronse.
Sjå løpet på tv2.no.

Verdsrekord også, om enn litt meir moderat, av dei australske jentene på 4x100 meter fri. 3.30,65 er den nye rekorden etter Emma McKeons 53,41,  Brittany Elmslie 53,12, Bronte Campbell 52,15 og Cate Campbell 51,97. Sølv til USA og bronse til Canada (!).

Kosuke Hagino lyktes endelig på den største scena då han svømte inn til siger på herranes 400 meter medley. Brystsvømminga til Chase Kalisz var nesten nok til at amerikanaren kunne true Hagino, men frisvømminga til japanaren var god nok til å holde unna med 4.06,05. Sølv til Kalisz (4.06,75), bronse til Dayia Seto (4.09,71).

Den siste finalen for dagen vant Mack Horton foran Sun Yang etter at den australske 20-åringen "out-toucha" den svære kinesaren i innslaget. Det såg ut som Horton var på vikande front opp mot 350, men ei god vending og ein bra finish berga gullet til Australia, som dermed har dobla gullsamlinga frå London allerede. 3.41,55 for Horton, 3.41,68 for Sun Yang. Gabriele Detti kneip bronsen med 3.43,49.

I semifinalane viste Adam Peaty (100 bryst herrer) og Sarah Sjöström (100 butterfly kvinner) at dei tar gull i morgon. Spørsmåla er: Blir det verdsrekord? Og kven tar gull?

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter