Forsøk 3: Favorittane innfrir

Berre tre øvingar i forsøket mandag kveld, men alle tre var stjernespekka - og i alle tre innfridde dei største stjernene.

200 meter fri, kvinner:

Katie Ledecky var best i forsøket med 1.55,01 - 79 hundredelar bedre enn Emma McKeon som var nest best. På dei påfølgande plassane Sjöström, Bonnet, Pellegrini, Shen... Alle dei store. Under pari mest Missy Franklin, sjølv om ho har trøbla i det siste, og Femke Heemskerk - men begge to er med til semifinale.

200  meter butterfly, herrer:
Tamas Kenderesi best i det innledande heatet, i ei øving der det er forventa at gullkampen skal stå mellom Phelps, Le Clos og Cseh.  Ingen av dei var nok i kjellaren i forsøket - Phelps hadde nesten ikkje undervannsarbeid... 

200 meter medley, kvinner:
Katinka Hosszu med olympisk rekord, utan å vere spesielt nær sin personlige rekord, som jo også er verdsrekorden. Tok det veldig rolig ut, til ei forandring, og har nok meir på lager. Siobhan Marie O' Connor også med ein fin formbeskjed.

I tillegg til semifinaler på desse øvingane er det følgande finaler i natt:
100 meter rygg, kvinner 

Kan Seebohm forsvare gullet frå Kazan? Kva betyr det for Katinka Hosszu at ho svømmer to distansar i kveld? Og kva med Mie Ø. Nielsen? Open øving.

100 meter rygg, herrer:
Blir det siger til Seebohm-kjærasten Larkin? Eller tar amerikanarane ein ny triumf? Eller kinesisk Xu-sjokk? Lacourt også i mixen.

100 meter bryst, kvinner:
Upopulære Jefimova, eller Lilly King? Det verkar som det er der slaget står.

200 meter fri, herrer:
Sun Yang er i vinden med sin pågåande feide med Mack Horton. Kan han ta 200-meteren? Nok ein open finale. Dwyer, Biedermann, Hagino, Le Clos, Krasnykh. Og kva med regjerande verdsmeister Guy på ytterbane?

Etiketter: svømming ol resultater rio

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter