Sjöström, Peaty, Ledecky, Phelps...

For ein vanvittig finalesekvens vi fekk natt til mandag norsk tid.

Aller mest gledelig sett med skandinaviske auge: gratulerer til Sarah Sjöström og heile det svenske svømmefolket med gullet og verdensrekorden til dronninga av 100 meter butterfly. Det kunne ikkje bli noko anna, det måtte bli slik. 

55,54 og i ei klasse for seg, men i framtida vil Penny Oleksiak utfordre! 2000-modellen frå Canada med sølv denne gongen (56,46), foran veteranen Dana Vollmer.

Enno meir spinnvill var rekorden til Adam Peaty på 100 meter bryst. 57,13 er hinsides all fornuft - og den avslutninga briten har på det løpet er noko av det råaste som er prestert i eit svømmebasseng nokon gong.

Hatten av, for ein kar som distanserte regjerande olympisk mester Cameron van der Burgh med 1,5 (!) sekund. På 100 meter! 58,69 for van der Burgh, mens Cody Miller frå USA noko overraskande tok bronsen. Peaty er den einaste i verda som har svømt under 58 sekunder. Og han er nesten under 57...

Katie Ledecky var like overlegen på 400 meter fri.  Det var som venta, og når ho etter 3.58 i forsøket meldte at det var lett, så var det berre å stålsette seg for rekord. 3.56,46 befestar berre Ledeckys posisjon som utilnærmelig. Ein utrulig utøvar. Jazmin Carlin splitta ein amerikansk duo då den britiske kvinna tok sølv foran Leah Smith.

Og så rundast kvelden av med klassikaren 4x100 meter fri for herrar. Kanskje ikkje like dramatisk, med så store svingningar, som ein har blitt van med dei siste leikane, men med eit monumentalt utfall: Phelps 19. OL-gull. 23 medalje totalt.  Det mest dramatiske var kanskje om Phelps hadde overveksla, men 0,08 i reaksjonstid er berre ein meget godt tima start!

Phelps' 47,12 er ein meget sterk formbeskjed frå tidenes mestvinnande olympier. Etterpå rant tårene for både Phelps, lagkameratane Caeleb Dressel, Ryan Held og Nathan Adrian - mora til Phelps, forloveden til Phelps - dei amerikanske lagkameratane. Eit stort augneblink.

Og meir moro blir det i morgon! (Eller seinare i dag, då...)

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter