King vs. Jefimova

Ein OL-finalesekvens utan verdsrekordar, kan du tenke deg, men mykje god og høginteressant konkurranse likevel - og kanskje meir konkurranse enn det har vore jamnt over dei siste dagane.

Snakkisen i etterkant har diverre ein eim av doping. For det handlar om 100 meter bryst-finalen der Julija Jefimova svømte inn til sølv, bak Lilly King.  Jefimovas sølv er beviset på at IOCs knallharde straff mot Russland etter avsløringane om statleg støtta dopingregime berre er eit luftslutt. Jefimova blei første utestengt av FINA, før idrettens voldgiftsdomstol fastslo at det ikkje holdt mål når andre dopingutestengte utøvarar fekk delta i OL. Så dermed er ho med.

Men Lilly King har vore alt anna enn nådig med Jefimova før finalen, og i call-room og på bassengkanten kunne vi sjå King stirre på Jefimova - dersom blikk kunne drepe... Ho kanaliserte energien riktig og klarte å ta sigeren, foran Jefimova som i intervjusonen etterpå knakk saman i gråt påfølgande hets frå publikum og kritiske ord frå konkurrentar.

Ein vanskelig og betent sak, som dessverre må få merksemd i den festen som OL ellers er. Lilly King tok for øvrig for seg også fleire andre doparar etter gullet, så ho rettar i alle fall ikkje alt skytset i ei retning.

Sun Yang er også involvert i ein ordkrig (med Mack Horton og Australia) som følge av hans tidlegare positive dopingprøve, men får ikkje same behandlinga av publikum og andre som Jefimova. Likevel såg ein at det betydde noko for han å vinne 200 meter fri. Chad Le Clos, som av ein eller anna uforståelig grunn ikkje verkar å prøve å disponere løpa sine riktig, tok sølvet, rett foran Conor Dwyer. Ein sterk prestasjon då det såg ut som han hadde melkesyre opp etter ørene ved vending 150 meter.

Amerikansk seier på 100 meter rygg og Ryan Murphy berre 3 hundredelar frå verdsrekorden til Aaron Peirsol. Klubbkompisen til Sun Yang, Xu Jiayu, tok sølvet på 52,31 - ni hundredeler foran David Plummer. To amerikanarar på pallen er nærmast eit krav med den bredda dei har, men Xu er spennande.

Skuffelse for Australia når verken Mitch Larkin (4.plass for herrane), eller kjærasten Emily Seebohm (7. plass for kvinnene) vinner 100 meter rygg. For Seebohm sa det bom stopp på andre 50. Det gjorde det ikkje for Katinka Hosszu. Dei siste 20 meterane var fullstendig utklassing av Hosszu som vant det gullet som var berre fjerde mest sannsynlig at ho skulle ta då ho slo amerikanske Kathleen Baker med tre tidelar av eit sekund.  Eit hundredel bak Baker tok kinesiske Fu Yanhui og kanadiske Kylie Masse delt bronse.

Hosszu går for eit nytt gull på 200 meter medley i morgon, også spennande å sjå om ho stiller til start på 200 meter butterfly. I den formen ho er i no er det vel å vente...

Phelps, Le Clos og Cseh greit til finale på 200 meter butterfly - men det er Tamas Kenderesi som har vore best i forsøk og semifinale. Får vi ein skrell?

Og kvinnenes 200 meter fri blir utrulig interessant. Ledecky, Sjöström eller Pellegrini? Heia Sverige!

Etiketter: svømming ol resultater rio

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter