Finaler 5: Chalmers-sjokket

Ein 18 år gamal gullvinnar på 100 meter fri for herrar er nærast uhøyrt - berre to gongar i historia har ein yngre mann vunne distansen enn unge Kyle Chalmers.

Det var Cameron McEvoy som var det store australske håpet, men utan det same presset kom Chalmers ut av skyggen - og druste til med ny juniorverdsrekord. Og den siste 50 meteren var noko av det råaste ein har sett i ein slik finale. Han er ute på 23,14 og svømmer andre 50-meteren på 24,44... 47,58! Om den karen forbedrar opningsfarta si, utan å miste avslutningsegenskapane sine er det ein stor, stor svømmar på gong. For dei som lurer på om det er verd det å trene beinspark: det er det. Sølvet nesten like overraskande til Pieter Timmers frå Belgia, mens Nathan Adrian tar bronsen. 

Sjå løpet på tv2.no.

Av andre finalar vant Mireia Belmonte Garcia 200 meter butterfly (2.04,85) etter ein tett kamp med australske Madeline Groves (2.04,88), mens Natsumi Hoshi (2.05,90) tok bronsemedaljen. Belmonte Garcias første OL-gull kom etter eit svakt innslag som holdt akkurat - og tårene flauma på tribuna.

Dimitriy Balandin tok Kazakhstans første olympiske gullmedalje i svømming då han disponerte kreftene perfekt på 200 meter bryst og vant den på 2.07,46 foran Josh Prenot 2.07,53 og Anton Tsjupkov 2.07,70. Så overlever Akihiro Yamaguchis verdsrekord enno litt... Men sist gong var det ein sensasjon rett etter OL.

På 4x200 meter fri blei det favorittseier til USA etter fire solide etapper av Schmitt, Smith DiRado og Ledecky - foran Australia og Canada - som fortsetter sitt utrolig bra OL. (Sverige nummer fem).

Canadas Penny Oleksiak kan "ta ein Chalmers" og vinne 100 meter fri for damer. Cate Campbell er framleis favoritt, men Oleksiak var  berre ett hundredel bak i semifinalen då ho sette juniorverdsrekord på 52,72. Manuel, Sjöström og kanskje veslesøster Campbell aktuelle medaljekandidater i finalen. 

Phelps, Lochte, Pereira og Hagino greit til finale på 200 meter medley - det blir eit høgdepunkt, mens det også ser uhyre spennande ut på 200 meter rygg. Rylov ser bra ut, Murphy ser kontrollert ut. Larkin med nest beste tid, men virkar som han jobba meir for det... Xu og Pebley også i mixen i det som blir ein spennande øvelse.

På 200 meter bryst for kvinner er det også opent. Litt over sekundet mellom alle som kvalifiserte seg. Spørsmålet er kven som har mest inne. Er det Jefimova...? Vi håpar på Rikke Møller Pedersen!

Etiketter: svømming ol resultater rio

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter