Finaler 6: Suverene Phelps' og nytt 100 fri-sjokk

Michael Phelps tok sin 22 gullmedalje, og tidenes mest suverene svømmer har sjelden vært mer suveren enn denne gangen, då han tok det fjerde OL-gullet på rad på 200 meter medley. Også det historisk.

Den venta duellen med Ryan Lochte eller kanskje til og med Kosuke Hagino blei det aldri noko av. Det var jevnt til 100 meter, men på brystsvømminga slo Phelps inn nådestøtet. 1.54,66 var nesten to sekunder foran Kosuke Haginos 1.56,61. Hagino som avslutta sterkt, der Lochte og Pereira drepte sine egne sjanser ved å følge etter kongen ut på distansen. Overraskande bronse til Shun Wang.

Enno meir overraskande var 100 meter fri for kvinner. Ei overtent Cate Campbell opna alt for hardt, og melkesyra formelig kom gjennom TV-skjermen på dei siste meterane. Den store favoritten svømte seg sjølv ut av løpet, mens to stykker utan same presset kunne kome opp bakfrå. Simone Manuel, og ikkje minst 16 år gamle Penny Oleksiak avslutta sterkt, og slo inn på nøyaktig samme tid: 52,70. Olympisk rekord og delt gullmedalje. Oleksiaks siste 50 minna ikkje reint lite om løpet til Kyle Chalmers som ga han OL-gullet for guttane. Vendte på sjuandeplass og førsteplass i mål! Sarah Sjöström svømte også under 53 sekunder, tok sin tredje medalje i OL på 52,99. Gull, sølv og bronse for den svenske yndlingen. Det likar vi!

Meir ein favorittsiger på 200 meter rygg, sjølv om det var ein open distanse. Ryan Murphy har vore ryggsvømmaren som har vist best form så langt i mesterskapet - og så også her. Er liksom berre bedre enn dei andre på det meste. Litt oppreisning for Mitchell Larkin som tar sølv, mens Jevgenij Rylov er i kraftig utvikling - men tapte innslaget med eit hundredel. Tidene: 1.53,62 - 1.53,96 - 1.53,97.

200 meter bryst for kvinner var ei uviss øving, men i finalen var det klasseforskjell på Rie Kaneto og resten av feltet. Tok kommandoen opp mot 100 meter når den tidlege leiaren Rikke Møller Pedersen allerede då var begynt å merke kjøret. Julija Jefimova prøvde, men stivna mot slutten, mens Shi Jinglin sikra bronsen - akkurat som i VM i fjor. 

Semifinalane viste at Phelps skal få trøbbel på 100 meter butterfly. Joseph Schooling vil lære han ei lekse. Så får vi sjå då. Florent Manaoudou såg bra ut på 50 meter fri, men kva med Govorov  - og kan superveteranen Anthony Ervin få ein start god nok til å sikre seieren? Han svømmer i alle fall raskast mot slutten. Adrian er ei anna gjedde i sivet. På 200 meter rygg verkar ingen i stand til å true Katinka Hosszu, men det må vel vere DiRado om nokon? På 800 meter fri blir de verdensrekord. Alt anna vil overraske. 

Men før finalane er det forsøk med 50 fri kvinner og 1500 fri herrer. Både Susann Bjørnsen og Henrik Christiansen i aksjon altså, i OLs siste forsøkssekvens. Tune inn på TV 2 Sportskanalen eller TV 2 Sumo frå kl. 18.

Etiketter: svømming ol resultater rio

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter