Finaler 7: Verdensrekord og drama

Ein ny ellevill finalesekvens under OL i Rio, som har bydd på mange overraskingar - og sjølvsagt mykje rask svømming.

Det var kanskje ikkje ein kjempeoverraskelse, men Joseph Schooling tok gullet på 100 meter butterfly. Det var imidlertid overraskande at singaporeren skulle vere så suveren som han var. Singapores første gullmedalje, uansett idrett, blei sikra i utklassingsstil på olympisk rekord 50,39.

Ein sliten Phelps hadde ikkje heilt like god avslutning som tidlegare, og heller ikkje opningstempoet - og dermed var han aldri i nærleiken av å tukte Schooling. Det blei imidlertid høgdramatisk i kampen om medaljene, for kven av Phelps, Le Clos og Cseh skulle ikkje få medalje? Ingen viste det seg, for dei tok like gjerne og delte sølvmedaljen på 51,14. To legender og ein olympisk mester frå London i det som var den første tredelte svømmemedaljen nokonsinne i eit OL.

Overraskande var det definitivt ikkje at Katie Ledecky vant 800 meter fri. Det var knapt ei overrasking at ho setter verdsrekord. 8.04,79 - det er nesten ti sekunder bedre enn nest beste tid gjennom tidene: Rebecca Adlington frå OL i Beijing.  Det setter også prestasjonen i perspektiv at Carlin (sølv) og Kapas (bronse) ikkje er langt bak den tida, men er over elleve sekunder bak på 8.16. Ledecky berre befester sin posisjon som verdas mest dominerande idrettsutøvar, sjølv om både Adam Peaty og Katinka Hosszu utfordrar ho der.

Hosszu fekk imidlertid stryk på 200 meter rygg i dag. Ho gjekk litt tilbake til gamle synder, opna for hardt, og fekk betale for det - i tillegg til at ho bomma på innslaget. DiRado valgte å gli, Hosszu tok eit ekstra tak. Ikkje sikkert ungararen hadde vunne uansett, men hadde nok hatt større sjanse om ho glei. No blei det tredje tid på 2.06,0 - denne gang med 5 til slutt. DiRado tok gullet i sin siste individuelle start før ho sluttar og blir konsulent - 2.05,99 vinnartida.

Til ei viss grad overraskande også at Anthony Ervin vant 50 meter fri for herrar. 16 år etter at han delte gullet på øvinga med Gary Hall i Sydney, sikra no 35 år gamle Ervin seg heder og ære med 21,40 - ett hundredel foran favoritt Florent Manouadou. Den gamle mannen hang med i starten, langt bedre enn ein har sett han før, og då var det berre å kjøre på heile vegen inn. Sterkt av mannen som tok ei lang, lang pause frå svømminga etter å ha fått nok av alt presset og stresset - fekk relativt store personlige problemer, for så å finne tilbake til svømmegleda igjen. Olympisk mester som 19-åring, var så ikkje med i OL i 20-åra, før han kom tilbake som 31-åring i London - og olympisk mester som 35 åring i Rio. Nathan Adrian på 21,49 tok bronsemedaljen. 

På 50 meter fri ser Pernille Blume meget bra ut, mens Sarah Sjöström, Therese Alshammar og Jeanette Ottesen blei slått ut. Og Cate Campbell ser rett og slett rysta ut etter fiaskoen på 100 meter fri. Kan vi få ein ny overraskelse i det som er eit OL i overraskelsar?

Ikkje noko forsøksheat i morgon, berre finalar kl. 03.00 - med 1500 meter fri for herrar og Henrik Christiansen, den femte nordmannen i ein OL-finale i svømming. Det ser du på TV 2 og Sumo!

Etiketter: svømming ol resultater rio

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter