Finaler 8: Tid for evaluering

EVALUERER: Henrik Christiansen i samtaler med landslagssjef Petter Løvberg og trener Ronnie Anstensen. FOTO: Karl Filip Singdahlsen/NIF EVALUERER: Henrik Christiansen i samtaler med landslagssjef Petter Løvberg og trener Ronnie Anstensen. FOTO: Karl Filip Singdahlsen/NIF

Vi gratulerer Henrik Christiansen med 8. plassen i OL - det er tangering av den fjerde beste prestasjonen gjort av ein norsk svømmar nokon gong. Som 19-åring er han den yngse som har vore i ein finale, og han har framtida foran seg!

Som Christiansen forteller i sine intervjuer etterpå er han ikkje fornøgd med sluttida på 15.02,66 - og for ein som har svømt nesten ni sekunder raskare før er det ikkje så veldig rart. Det var jo i OL han verkelig skulle vere i form. Men det er tida for evaluering no, og han har garantert plukka med seg mykje han har lært som han kan bruke fram mot OL i Tokyo.

Det var ein heroisk innsats han gjorde då han kvalifiserte seg til finalen på ei tid berre 1,5 sekund over sin eigen rekord. Det gjorde han uten at kroppen har vore 100 prosent på lag, og det kosta nok også såpass mykje at det gjekk utover hans prestasjon natt til søndag. Også der prøvde han knallhardt - ein periode såg det ut som det var i ferd med å løsne, men det blei dessverre for tøft.

Norske finalister i OL: 
Katrine Bomstad, 8. plass, 200 m IM og 400 m IM, Los Angeles 1984
Irene Dalby, 5. plass, 800 m fri, Barcelona 1992 og Atlanta 1996
Alexander Dale Oen, sølv, 100 m bryst, Beijing 2008
Sara Nordenstam, bronse, 200 m bryst, Beijing 2008
Henrik Christiansen, 8.plass, 1500 m fri, Rio de Janeiro 2016.

Gregorio Paltrinieri gjorde det aldri spennande i kampen om gullet og vant enkelt på 14.34,57 - fem sekunder foran Connor Jaeger som tok sølvet, mens Paltrinieris treningskompis Gabriele Detti avslutta sterkt og tok bronsen eit sekund deretter.

Ellers fekk danskane ein gedigen opptur - først og fremst med Pernille Blumes smått sensasjonelle OL-gull på 50 meter fri. Det var ein uhyre jevn finale (som 50-meterar ofte er) med eit meget overraskande utfall der Blume vant foran Manuel og Herasimenia. Oppsiktsvekkande vinnarar på alle fire fri-sprintdistansane, der kan alt skje, men også oppsiktsvekkande at Ervin og Blume vinner etter å ha vore relativt klart bak til 25...

Danmark fekk også bronse på 4x100 meter medley bak Australia (Blume tapte innslaget med ett hundredel til Cate Campbell der), men var eit stykke bak suverene USA.

USA runda også av med sitt 16 gull i dette OL, Michael Phelps' femte og hans 23 totalt då dei vant 4x100 meter medley for herrar. Ryan Murphy satte verdensrekord på førsteetappe med 51,85 (slo Aaron Peirsols 51,94), og sjølv om Adam Peaty svømte 56,59 på si brystetappe var det aldri noko tvil om kvar gullet skulle.

Og med det var bassengsvømminga i OL i Rio ferdig - og vi har sett Michael Phelps i bassenget for siste gong. Eller?

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter