Sommeridrett, Olympiatoppen og idrettspolitikk

Dei svake resultata i OL har starta ein ny debatt om organiseringa av norsk toppidrett. Ikkje overraskande det, det gjorde den også etter London, der resultata var betre enn det vi har sett denne gongen. Tiltaka må kome raskare denne gongen.

Resultatet den gongen blei ein lang evalueringsprosess, som kulminerte i Tvedt-rapporten og ei omstrukturering av norsk toppidrett der det blei delt inn i ei avdeling for vinteridrett, og ei avdeling for sommaridrett. Toppidrettssjefens rolle blei endra, og Jarle Aambø valgte til slutt å gå av. Tore Øvrebø blei konstituert som toppidrettssjef i september 2013, eit år etter leikane i London, før han fekk jobben permanent ytterlegare eit år seinare.

Det seier seg sjølv at endringane av toppidrettsstrukturen ikkje har hatt nok tid til å gi utslag i noko særlig grad - verken den eine eller andre vegen. Resultater i toppidrett er som vi alle veit ikkje skapt over natta. Difor vil det vere håplaust å gå på ein ny lang periode før ein kjem med dei konkrete tiltaka. Ein må sjå på kva som har vore gjort dei siste åra, og sjølvsagt forbetre det som kan forbetrast - og legge til nye element der det må til. Men om ein kvart fjerde år skal ha ein ny prosess som tar halve olympiaden før alt har sette seg kjem ein seg aldri vidare... Og dersom ein allerede no kan konkludert med at dei endringane ein gjorde var totalt feilslått må ein sjølvsagt ta grep.

Det er ein interessant debatt å følge, og toppidrettsleiinga kan nok gjere lurt i å høyre på (ex-)utøvarane som kjem med sine bekymringar og forslag. Få veit betre korleis ting fungerer. Som Olaf Tufte, Andreas Thorkildsen, Kjetil Jansrud, Emil Hegle Svendsen, Bartosz Piasecki eller for den saks skuld Eirik Verås Larsen som i dag er fagkonsulent i Olympiatoppen. Han fekk munnkorg av leiinga etter å ha uttalt seg om ting han såg for seg kunne endrast på... Openheitskultur? Openheit internt er eit paradoks.

Somme prøver å gjere dette til ein vinter- vs. sommeridrett-debatt. Vil det automatisk gjere oss bedre til å svømme, om vi får færre gode skiløparar? Då er det meir eit spørsmål om å utnytte kompetansen på tvers av greiner. Ein ting OLT tidlegare har vore meget sterk på. Er dette i ferd med å viskast ut er det eit faresignal. Det er det også om det stemmer at organisasjonen er overadministrert. Og ja, fordeling av økonomiske ressursar er sjølvsagt alltid noko som det må sjåast på er den riktige.

Tidlegare svømmepresident Per Rune Eknes framhever til NRK at toppidrett ikkje skal verre distriktspolitikk. Det er ikkje vanskelig å vere ueinig med han i det, men ikkje gløym å skjele til at talent og dei rette typane kan kome frå overalt - og at desse må ivaretakast, fleire enn det er vi ikkje. Tidlegare golfpresident Finn H. Andreassen skriv i eit innlegg i VG at Olympiatoppen bør leggast ned - og framhevar Svømmeforbundet på eit forbund som har henta kompetanse internasjonalt og lukkast med det. Det stemmer nok, men det er også få forbund som er så tett på Olympiatoppen som det NSF er under Petter Løvberg.  Andre meiner Norges Idrettsforbund og Olympiatoppen bør skilje lag, slik at OLT ikkje blir politisk styrt, men heller kan prioritere råare. NIF bør ta seg av bredda, OLT eliten.

Kva fasiten er, og kva som konkret må gjerast er det mange som er meir kvalifisert enn oss til å synse om. Men ei tøff målsetting må på plass raskt, med tiltak som skal til for å oppfylle det - organisatorisk, økonomisk og reint faglig.

Og så det viktigaste: Få særforbund, trenarar, klubbar og utøvarar med på laget. 

Kommenter gjerne:

  • Per Rune Eknes • 24 augusti 2016 10:16:06
    Til din kommentar til min ytring Sander. Det er klubber og Særforbund som skal ivareta disse typene som komer hvor som helst i fra. Når de er gode nok skal OLT inn i bildet, fremdeles sammen med klubber og Særforbund. Vi er ikke flere sier du, og det er akkurat årsaken. Spisskompetansen i OLT må ikke vannes ut. Det er ingen rettighet å bli toppidrettsutøver, mange (ikke bare utøveren) må være villig til å ofre mye. Mye av problemet er at definisjonen av begrepet toppidrett er for vagt. Det de fleste debatterer er egentlig eliteidrett.
  • Mykje klokt i det du seier, Pepsi, mitt poeng var berre at ein må ha ein heilhetlig tanke om korleis særforbund/klubbar skal vere i stand til det.

    24 augusti 2016 13:24:17

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter