simma_logga_2017

FINA og doping

Det internasjonale svømmeforbundets antidopingarbeid har blitt skarpt kritisert, og verkar også å vere prega av store interne stridigheter etter at tre framståande medlemmer av FINAs antidopingpanel trakk seg i protest.

Kanadiske dr. Andrew Pipe, som var formann i panelet, amerikanske dr. Larry Bowers og australske dr. Susan White leverte ein felles avskjed til FINA-president Julio Maglione, melder nyhetsbyrået AP.

Bakgrunnen er at råda dei ga om utestengelsesprosessen for russiske utøvarar i OL ikkje blei fulgt. Det fulgte på halen av fleire andre saker der antidopingekspertane ikkje følte seg hørt av det internasjonale svømmeforbundet.

- Dette er uforenlig med vår dedikasjon for mot ein rein sport, og eit optimalt antidopingapparat, heiter det seg i brevet.

FINA har svart på anklagene, og skriver at dei er overraska over at dei tre trakk seg, og takkar dei for arbeidet og påvirkninga dei har hatt i det dei kallar ein suksessfylt antidoping-policy.

Ifølge det internasjonale svømmeforbundet var det IOC og den internasjonale voldgiftsdomstolen (CAS) som til slutt tillot dei russiske svømmarane å delta - og det dei sjølv var makteslause, men at dei respekterte avgjerdslene som blei tatt.

Sjølv om FINA i pressemeldinga hevdar dei ligg heilt i verdstoppen som eit av dei internasjonale forbunda som gjer mest mot doping, er det vel tydelig at det arbeidet ikkje er heilt knirkefritt...

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter