simma_logga_2017

Første betalte symjetrenar

Elisabeth Svorstøl Mundal blir Førde IL symjing sin første betalte trenar.

Ein klubb som hovudsaklig har vore drifta på dugnadsvilje og eldsjeler har no ansett den tidlegare svømmaren som trenar, i eit håp om å få meir kontinuitet i klubben.

- Det er ho som skal ta seg av det meste og har hovudansvaret. Elisabeth blir Førdes første tilsette symjetrenar og vi håpar at dette skal vere med på å skape litt betre kontinuitet rundt treningstilbodet i gruppa, seier Øystein Erland til fordeby.no.

Treningsgruppa har per i dag opp mot seks treningar i veka.

Nysatsinga er eit samarbeid som vert til med hjelp frå Spenst Førde, som går inn som sponsor for FIL symjing. Der vil Svorstøl Mundal også arbeide som personlig trenar.

Det satsast i Førde. Førre veka hadde Simma ein sak på at klubben betalte 350.000 for å få på plass moderne startpallar i Førdehuset.

Etiketter: svømming lokalt førde

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter