Doping...

Therese Johaug-saken, og forsåvidt også Martin Johnsrud Sundby-historia, bør fungere som ein vekkar for alle der ute - også svømmarar.

Det er tunge tider for norsk skiidrett, og derav også norsk idrett som heilskap. Det som Skiforbundet hevdar er rutinesvikt forteller noko om kor forsiktig, systematisk og grundig ein må vere når ein tar i bruk legemidler (kosttilskot osv.)

Det må vere ei oppfordring og ein påminnar til alle idrettsutøvarar og alle norske svømmarar: Sjølv når du får legemidler utskrive av lege - sjekk innholdet opp mot antidopinglista sjølv!

Dei fleste norske svømmarar går til "vanlige" legar, som til dømes fastlegen sin. Dette er legar som, i motsetning til skilandslaget, ikkje har spesialkompetanse på kva som står på dopinglista. Det som kan vere heilt riktig medisin kan vere farlig ved ein eventuell dopingtest. Treng du medisin som står på dopinglista treng du ein TUE (Therapeutic Use Exemption), eit medisinsk fritak, for å bruke den uten å risikere å ryke i ein dopingtest.

Det kan virke tåpelig å spørre legen, eller dobbeltsjekke kva den seier, men til sjuande og sist er ein utøvar ansvarlig for kva den får i seg. Verd å hugse på.

No har vi i det foregåande gått utfrå at forklaringa til Johaug og Skiforbundet stemmer. Og det er vanskelig å tru på at dette er ein dekkoperasjon ​​for meir systematisk doping. Vi skal ikkje bidra til nokre konspirasjonsteoriar, men i lys av Johnsrud Sundby-saken, den tvilsomme bruken av astmamedisinering på skilandslage og at forklaringa har ein del hol og merkelige vurderingar av alle involverte er det naturlig at det stillast spørsmål rundt den.

Det interessante er at mange i Norge no brått er opptatt av rettssikkerheit for idrettsutøvarar i dopingsaker. Det er kanskje med rette. Ein blir jo lett skuldig til det motsette er bevist, som er omvendt av rettssamfunnet elles.

Men vi er ikkje like opptatt av dette i andre samanhenger. Når Julija Jefimova skylder på kosttilskot eller at ho slutta å ta Meldonium i tide, men blei tatt likevel. Når Cesar Cielo skyldar på kosttilskot. Når Park Tae-Hwan frå anabole steroider av ein lege utan å vite det (som Johaug seier skjedde med ho) eller at Sun Yang blir tatt for bruken av ein hjertemedisin som nettopp var blitt ulovlig.

Norge har i mange samanhenger vore for nulltoleranse for doping, og ein generell mistru til forklaringa rundt positive dopingprøver. Det gjelder også norske utøvarar i mindre idrettar (som dei fleste ikkje bryr seg om). Men når Norges største og mest kjære utøvarar, utøvarar som har tjente seg søkkrike på idretten,  blir tatt får pipa ein anna lyd. Det er ein uheldig dobbeltmoral.

Så er spørsmålet om vi skal bli mildere i omtalen av utenlandske doptatte, eller om vi skal vere like knallharde med nordmenn? Eller er det generelt greit å mistru utlendingar, men tru på norske stjerner?

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter