simma_logga_2017

To norske rekorder

FOTO: Øyvind Thorsen/lsvk.zenfolio.com FOTO: Øyvind Thorsen/lsvk.zenfolio.com
Både Markus Lie og Susann Bjørnsen satte norske rekorder under kortbane-VM lørdag.

Markus Lie satte rekord på 100 meter fri. 48,33 var ei rekordforbedring med sju hundredelar, men verd å merke seg at den blei sett med superdrakt - så ei skikkelig forbedring er det av Lie. Tida ga ein 31. plass, berre to hundredelar bak Chad Le Clos, og 18 bak OL-medaljør Pieter Timmers.

Susann Bjørnsen tok seg vidare til semifinale då ho svømte 50 meter fri i forsøket på 24,60. Det var ei forbedring av eigen rekord frå Nordsjøstevnet med to hundredelar og ga ein 16. plass. 

Det blei også plasseringa i semifinalen etter å ha fått tida 24,61. Når ho har svømt tre gongar på dei tidene har Susann mest sannsynlig meir inne med fullklaff.

Henrik Christiansen tok seg også til finalen på 1500 meter fri med fine 14.33,13 - den finalen svømmast natt til mandag. Det er jevnt bak Gregorio Paltrinieri, så her kan mykje skje... Medalje er definitivt ikkje urealistisk. 

Erik Aarsland Gidskehaug blei nummer 28 med tida 15.07,43 - drøye ti sekunder over persen frå Nordsjøstevnet der han svømte under 15 minutter.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter