Australia tar etter USA

Olympisk mester Kyle Chalmers og landslagssjef Jacco Verhaeren. Olympisk mester Kyle Chalmers og landslagssjef Jacco Verhaeren.
Australia flytter uttakstevnene til dei store mesterskapa (OL og VM) til amerikansk modell: altså kort tid før sjølve mesterskapa.

Det er eit av resultata frå evalueringsprosessen etter det andre "mislykka" OL på rad. No skal sjølve uttaksstevnet arrangerast fem veker før det aktuelle mesterskapet. Til no har det australske mesterskapet/uttaksstevnet vore arrangert i mars, etter den australske sommaren.

Det strider litt mot korleis den rådande tankegangen om formtopping er. At det er vanskelig å toppe formen to gongar med så kort mellomrom. Amerikanarane har imidlertid alltid hatt stor suksess med det, og det er det australiarane håpar å kunne kopiere.

Den logiske tankegangen er at det innebærer ein viss risiko å kjøre ein heilt ny treningsperiode, der ein bryter kroppen ned, for så å bygge den opp igjen. Det er ingen garanti for at ein då treffer same form igjen, og i så måte kan det vere lettare å beholde ein form i fem veker. Ein vil kanskje ikkje kunne ha same utvikling som ein perfekt utført full syklus, men ein veit at dei som blir tatt ut er i bra form kort tid før.

Om det lukkast får vi svaret på i Tokyo 2020.

Det er også gjort fleire strukturelle forandringar, som å kutte fra 14 til ni treningssentere som får støte fra Swimming Australia.

Les Swimming World.
Les SwimVortex.
Les SwimSwam.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter