Phelps: - 200 butterfly i Rio var mitt beste løp

Michael Phelps blei hedra med prisen for årets comeback under prestisjetunge Laureus Sport Awards tirsdag.

Det gjer han etter å ha kome tilbake til (nesten) toppnivå i OL og fylt på medaljesamlinga si kraftig.

På prisutdelinga i Monaco fortalte Phelps at han sannsynligvis ikkje hadde kome tilbake om han ikkje hadde blitt slått av Chad Le Clos på 200 meter butterfly i London.

Sjølv om avgjerdsla om å svømme 200 meter butterfly i Rio kom seint, blei det eit løp som han held som eit av sine beste. Ikkje på grunn av tida, men på grunn av det som det krevde.

- Eg trur ikkje eg har måtte grave så djupt i noko løp i karriera, og eg er stolt over å vinne tilbake tittelen etter tapet i 2012. Eg kan no sjå tilbake på karriera mi og sei at 200 meter butterfly i Rio sannsynligvis var mitt beste løp.

Men det er jo også slik at det er det siste ein hugsar best...

Andre prisar:
Årets mannlige idrettsutøvar: Usain Bolt, friidrett
Årets kvinnelige idrettsutøvar: Simone Biles, turn
"Spirit of Sports": Leicester, fotball

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter