simma_logga_2017

Profilene klare for NM

Markus Lie, Susann Bjørnsen, Marte Heggertveit og Henrik Christiansen stilte opp på NM-arrangørenes kickoff før stevnestart torsdag.

Dei fire fortalte om førebuingane sine, og både Markus og Henrik bedyrar at dei er i tung trening, men at dei ser fram til å få teste kor formen ligg.

- Eg har prioritert andre øvingar litt meir fram mot NM, seier Christiansen som i tillegg til 200, 400, 800 og 1500m fri svømmer 200 og 400 meter medley, samt 200m rygg og bryst i stevnet.

Duellen mellom Lie og Christiansen på 200 meter fri blei holdt fram som ein av dei mest spanande, og Christiansen kunne fortelle at han jobbar med å nærme seg Lie når det kjem til vendingar og undervannsarbeid.

- Derfor har styrketreninga som eg nettopp har begynt med hovudsaklig dreia seg om bein, seier Christiansen.

Susann Bjørnsen hadde eigentlig ein plan om å toppe formen til NM, men skadetrøbbel har hindra dei planane. Ein kink i nakken, etterfulgt av ein muskelstrekk har gjort at ho i periodar berre har kunne trene bein.

- Det er ikkje like alvorlig for meg som sprinter å gå glipp av meter som det ville vore for Henrik, så eg går fortsatt for å svømme fort her. Eg skal gå inn i beast mode, smilte ho.

Lavrans Solli, som også skulle deltatt på seansen, satt fast på fjellet mellom Oslo og Bergen i snøværet.

NM starter torsdag kl. 09.00. Sjekk her for mer informasjon.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter