Verdenscup-endringane går utover Hosszu

FINA har sendt ut pressemelding der dei skriv meir om endringane i verdenscup-strukturen.

Dette er dei viktigaste punkta:

  • OL- og VM-medaljøra vil gå direkte inn i finalane.
  • Det vil ikkje lenger bli svømt alle distansane i kvart stevne. No blir det max 25 øvingar pr. stevne,  men kvar øving vil bli svømt to gongar i løpet av ei stevneklynge (tre stevner kort tid etter kvarandre).
  • Større pengepremier. Dei seks første plassane skal fordele 3900 dollar mellom seg, det vil bli premiepengar for stafettar - og totalt skal det delast ut 2 millionar dollar i løpet av stevnene.
  • Maksimalt fire individuelle løp per svømmar, pr. stevne.
  • Større TV-produksjon og bedre presentasjon av sporten
  • Dei deltakande stjernene vil bli brukt i promo-aktivitetar på kvar plass.
  • Medaljeseremoniane vil bli holdt etter endt svømming kvar dag - "Stjerneparade"


Simma kommenterer:
Det er noko interessant her. Katinka Hosszu vil altså ikkje lenger kunne gjennomføre sine enorme program,  men må avgrense seg til to øvingar pr. dag. Det vil kanskje gjere det mindre attraktivt for ho, men auka pengepremiar ned til sjetteplass kan kanskje gjere det aktuelt for fleire?

At medaljeseremoniane skal arrangerast etter finalane applauderar vi! Om ein vil ha folk til å sjå på svømming må ein vise svømming og ikkje langtekkelige seremoniar.

Litt meir skeptisk til at OL- og VM-medaljører skal gå direkte til finalane. Dersom desse ikkje er i form er det ikkje god reklame for sporten uansett om dei er større navn.

Uansett bra å sjå FINA prøve å gjere noko med eit format som aldri har funne skikkelig fotfeste.

- Vårt mål er å organisere store arrangement med våre stjerner til stades. Å gi dei ekstra anerkjennelse og synlighet vil heilt sikkert sørge for at dei deltar i verdenscupen. Fortsatt støtte fra prestisjetunge byer, med fantastiske arenaer, er også ein garanti for suksess i denne sentrale konkurransen på vår kalender, seier FINA-president Julio Maglione.

Dette er stevneklyngene:
Cluster 1

Moscow (RUS), August 2-3
Berlin (GER), August 6-7
Eindhoven (NED), August 11-12

Cluster 2
Doha (QAT), September 22-23
Dubai (UAE), September 26-27
Hong Kong (HKG), September 30 – October 1

Cluster 3
Beijing (CHN), November 10-11
Tokyo (JPN), November 14-15
Singapore (SGP), November 18-19

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter