Også Phelps kritisk

Michael Phelps, mannen som personifiserer øvingsmangfoldet i svømming, er også kritisk til tillegget av OL-øvingane. Men Phelps er ikkje kritisk til sjølve øvingane som er valt ut. Han er  kritisk til at det er blitt fleire øvingar generelt - også med 50-meterar osv.

- Kva anna skal vi legge til? Skal vi gjøre 75 metere fri? Kor mange andre øvingar skal vi legge til? Det er som i 2009, etter VM då vi hadde superdraktene. Det er ikkje svømming lenger, seier Phelps til NBC.

- Vi har hatt dette øvingsopplegget så lenge, og no skal vi berre velge fritt kva øvingar vi skal ha? Eg kunne gått meir i detalj, men det skal eg ikkje. Det er et ømt tema. Eg håpar svømming tar ei vending i rett retning og at vi fortsetter å vokse. 

- Når ein legger til slikt som 800m for herrer og 1500m for kvinner, og du legger til mix-stafetter og fleire 50-metere. Eg vil ikkje sei det, men det verkar som det er for mykje som skjer. Det ser ut som at ein berre skal gjere laga større. Eg liker det ikkje. Det er ikkje det svømming har vært så lenge, og forhåpentligvis har vi  det ikkje lenge, men det er eg ikkje herre over. Eg kan ikkje gjere noko, eg må berre sitte og sjå på.

Men det som er sikkert er at dersom FINA-pampane lytter til nokon, så er det ein som lagar overskrifter på verdsbasis som Michael Phelps. Dersom det blir mykje oppstyr.

Sjølv om ikkje vi berre er udelt positive til endringane vi heller, så er det etter vår oppfatning litt for lett å berre sei at øvingsprogrammet er slik som det er, og slik som det skal vere for alltid.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter