simma_logga_2017

Samanslåing i Kristiansund

Faksimile Tidens Krav. Faksimile Tidens Krav.

Svømmemiljøet i Kristiansund har lenge vore prega av splid og segementering. På eit tidspunkt var det tre (!) svømmeklubbar i Nordmørs-byen med 24.000 innbyggarar. No prøvar dei seg å samle seg i ein klubb igjen.

Det er ei stund sidan Føniks forsvant like raskt som den kom, men no slår Kristiansund Svømme- og Livredningsklubb og svømmegruppa i Norodd IL seg saman til Kristiansund Svømmeklubb fra og med 30. juli. Tudor Ignat blir hovudtrenar i nysatsinga.

Klubben vil verken vere gul eller blå, som er fargane til Norodd og Kristiansund i dag. Hovedlaget i Norodd ville i utgangspunktet ikkje gi slipp på svømmarane, men føyde seg etter svømmaranes ønske.

- Det er jo trist at Norodd mister svømmarane, men vi ønsker ikkje ødelegge for det svømmerane sjølv ønsker, seier Oddbjørn Lomundal, ledar i IL Norodd.

- Vi ønsker å være en rein svømmeklubb. Då kan vi bruke alle krefter på å gi et godt sportslig tilbud til våre medlemmer på alle nivå frå baby- til masters, seier Steinar Sogn som blir ledar i den nye klubben.

Meir i Tidens Krav, bak betaling.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

-

Seneste kommentarer

Seneste nyheter