To+to rekorder

Tomoe Zenimoto Hvas. FOTO: Øyvind Thorsen/http://lsvk.zenfolio.com Tomoe Zenimoto Hvas. FOTO: Øyvind Thorsen/http://lsvk.zenfolio.com

Tomoe Zenimoto Hvas og Marte Løvberg satte begge norske juniorrekorder på første dag av langbane-NM i Trondheim. Begge gjorde det på øvingar som ikkje er deira sterkaste.

Skjønt, Tomoe har knapt sekundære øvingar - og han har jo den fordelen at han kan spele på fleire ulike øvingar. Han beherskar det meste. Då blir det fort rekord på 200 meter medley: 2.01,78. Med det vant han gullet foran Markus Lie (2.02,97).

Marte Løvberg slo Irene Dalbys rekord frå 1988 då ho svømte 400 meter medley på 4.52,83. Det var 0,2 sekunder bedre enn den tidlegare rekorden - godt å få desse mosegrodde rekordane ut av  systemet. Løvberg vant også ei anna øving der ho har juniorrekorden frå før: 200 meter fri på 2.02,34.

Ingeborg Vassbakk Løyning var nær norsk juniorrekord på 50 meter rygg, då ho vant med elleve hundredelers margin til Malene Rypestøl - 29,44 mot 29,55. Snildals juniorrekord er 29,36.

Dagen blei også avslutta med seniorrekord på stafett.

Madlas guttelag på 4x200 meter fri slo sin eigen rekord frå 2015 med over halvsekundet då dei svømte inn til 7.37,20.  Gamle rekorden var 7.37,94. Laget: Erik Gidskehaug (1.52,93) - Truls Wigdel (1.50,97) - Jens Petter Turøy (1.55,55) - Tim Samuelsen (1.57,75)

Bærumsvømmerne tok like godt dobbeltseier på 4x100 meter fri for kvinner. 

Andre seniorvinnarar dag 1:
400 fri, herrer: Henrik Christiansen, 3.50,02
100 bryst, kvinner: Silje Mikkelborg, 1.09,72
100 fly, herrer: Sigurd Holten Bøen, 54,90

Andreas Bjørnstad stod for den norske rekorden for funksjonshemma på første dag då han svømte 50 meter bryst på 39,16.

På dag to har ein fått ein ny rekord: Fredrik Solberg på 100 meter fri i S9-klassa: 1.01,54.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter