VM dag to

Henrik Christiansen gjorde 1.49,31 på 200 meter fri under VM og endte med det på 38. plass i forsøket. Christiansen har gjort 1.49,09 tidlgare - så det er nok eit løp på eit bra nivå - på ei øving der det ikkje var så store ambisjonar om å hevde seg.

Det blir interessant å følge vidare - i morgen er det forsøk på 800 meter fri. Markus Lies VM starter onsdag med 100 meter fri og 200 meter medley, mens Susann Bjørnsen først går i gang torsdag med sin 100-meter.

Andre ting å merke seg frå dagens finaler:
Sarah Sjöström fem hundredeler over verdensrekord på 100 meter butterfly. Ei litt for hard åpning kosta nok litt for Sjöström.

Adam Peaty er suveren på 100 meter bryst for herrane, mens for kvinnene blir det eit nytt bikkjeslagsmål mellom Lilly King og Julija Jefimova. Jefimova berre eitt hundredel frå verdsrekord i semifinalen (1.04,36).

Kylie Masse var heller ikkje langt unna verdsrekorden på 100 meter rygg for kvinnene med 58,18  - 12 hundredeler over Gemma Spofforths rekord. Men det var jo berre semifinalen...

Katinka Hosszu ønska seg veldig ein verdsrekord på heimebane og strauk seg frå 100 meter rygg for å holde seg fresh til 200 meter medley. Verdsrekord blei det ikkje (2.07,00), men ein suveren gullmedalje foran overraskinga Yui Ohashi frå Japan - til ellevill jubel.

Alle resultater.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter