VM-finaler dag 5

200 meter medley, herrer:
Chase Kalisz blei verdsmeister på 200 meter medley og sørga for at USA har vunne øvinga elleve VM på rad - sjølv etter Michael Phelps og utan Ryan Lochte. Ei god brystsvømming gjorde at han tok rotta på Kosuke Hagino med 1.55,56.

100 meter fri, herrer:
Ein dominant prestasjon av Caeleb Dressel - vinner på hypersterke 47,17, men vel så fascinerande var måten han svømte på. Tjente ei halv kroppslengde i starten, resten tok sakte men sikkert inn, før han berre knuste alle andre siste 20. Den gode starten gjorde at han kunne svømme meir avslappa enn resten som måtte jage - det betalte seg.

50 meter rygg, kvinner:
Etiene Medeiros vinner med ett hundredel etter å ha tatt innslaget foran Yuanhui Fu som såg ut til å være først. I mål skilte det ett hundredel - 27,14 mot 27,15 - berre nokre hundredelar frå verdsrekorden.

200 meter butterfly, kvinner:
Mireia Belmonte i føringa stort sett heile vegen i ein duell med Franziska Hentke, men eit dårlig innslag holdt på å koste ho gullet. TIl slutt var ho likevel 13 hundredelar foran med 2.05,26.

4x200 meter fri, kvinner:
Katie Ledecky avgjorde for USA etter at både Russland og Kina trua undervegs i løpet. Kina tok sølvet, mens Australia sneik seg inn på bronseplass, åtte hundredelar foran Russland.

Kommenter gjerne:

Nyhetsarkiv

Linker

Seneste kommentarer

  • X-Glide » Henrik til finale:  ”Markus Lies gamle pers var faktisk på 25,77 fra NM Lang i fjor. Han perset altså..”

  • Kjell Eirik » Henrik til finale:  ”7:47,61 og ikke 8 ”

  • A » VM dag 1:  ”God start, slår han Gard Kvales norske rekord (1.48,57) i forsøket i morgen, er ..”

  • Aleksander » Brasils VM-lag:  ”VM i Kazan?! Hvor har dere i simma.nu vært de siste to årene?”

  • Anonym » Lotte Friis legger opp:  ”Hun har to VM gull men ikke to OL gull...”

Seneste nyheter